Eurokommunisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Reformkommunisme)

Eurokommunisme eller reformkommunisme er ei nemning på politiske parti og retningar som av historiske eller andre grunnar kallar seg kommunistiske, men som politisk ligg på ei meir reformistisk retning. Omgrepet eurokommunisme vart først brukt om ei retning innan kommunistparti i Sør- og Vest-Europa, særleg Italia, Spania og Frankrike seint i 1970-åra, og var kjenneteikna av at dei ville vera uavhenige ovanfor det sovjetiske kommunistpartiet og at dei ville godta parlamentarisk demokrati også etter ei kommunistisk maktovertaking.

Eurokommunismen skilde seg også frå den jugoslaviske varianten (titoisme), fordi denne trass i at han var heilt sjølvstendig i høve utanlandske sentra, framleis var autoritær til ein viss grad, eit moderat eittpartisystem. Eurokommunismen godtok derimot utan atterhald det pluralistiske fleirpartisystemet i Vest-Europa.

Viktige personar for utviklinga av eurokommunismen var italienarane Antonio Gramsci, Palmiro Togliatti og Enrico Berlinguer og spanjolen Santiago Carillo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]