Titoisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den raude stjerna var eit mykje bruka symbol i Jugoslavia under Tito.

Titoisme er ei nemning bruka om den varianten av kommunisme som vart utvikla i Jugoslavia etter andre verdskrigen, under leiing av Josip Broz Tito. Nemninga vart først bruka som skjellsord av stalinistar, men har sidan vorte meir nøytral.

Frigjeringa i 1945 var i Jugoslavia folket sitt eige verk, då mesteparten av landet vart frigjort av partisanane. Den jugoslaviske partisanhæren stod under kommunistisk leiing og var den einaste større aktøren i landet som organiserte menneske frå alle etniske grupper og fremja likestilling mellom dei.

Det at landet i hovudsak vart frigjort med eigne krefter, gjorde det lettare for Tito å stå imot sovjetisk dominans i etterkrigstida.

I 1948 vart Tito og den sjølvstendige jugoslaviske kommunismen fordømt av Josef Stalin, og titoisme vart eit skjellsord på linje med trotskisme i dei stalinistiske kommunistpartia. Men Jugoslavia stod imot presset.

Etter Stalin var død i 1953, vart tilhøvet mellom Sovjetunionen og Jugoslavia betre, men Tito heldt fram som ei sjølvstendig stemme i internasjonal politikk, som ein av leiarane i den alliansefrie rørsla.

Det jugoslaviske systemet under Tito var ein kombinasjon av ein kommunistisk eittpartistat og eit desentralisert bedriftsdemokrati (arbeidarsjølvstyre). Nasjonal diskriminering og oppmoding til hat mellom folkegruppene var strengt forbode. Systemet var til tider relativt vellykka, men under overflata lurte framleis den etniske nasjonalismen. Etter Tito var død, greip korrupte maktpolitikarar tak i den og vekte den til liv igjen med tragiske konsekvensar for Jugoslavia og folkeslaga der.