Refsum kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Refsum kyrkje skal ha stått ved Refsum-gardane i Lillestrøm kommune i mellomalderen. Dette er like nord for Asak-gardane, mellom Knatten og Kløfta.

Kyrkja er omtala som «Rifseims kirkia» i jordeboka til biskop Eystein Aslaksson.[1] Jens Nilssøn omtalar «Ressen kirke» som øyde på slutten av 1500-talet.[2] Hos Jens Krafft[3] heiter det i 1840: «...hvor før Reformationen var et Capel, der i Slutningen af det sextende Aarhundrede anføres som øde.»

Kyrkja kan ha blitt lagd ned allereie før reformasjonen. Eit jorde ved Refsum søndre[4] er kalla Kirkejordet, men det finst ingen fysiske spor etter kyrkja i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Omtala for 1393 og 1400.
  2. Jens Nilssøns visitasskildring
  3. Jens Krafft: Topographisk-statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. 1–3 1: Det søndenfjeldske Norge Smaalehnenes-, Agershuus-, Hedemarkens Amt, s. 228.
  4. Garden er avbilda i Digitalt museum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Refsum kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren