Lillestrøm kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For den tidlegare kommunen, sjå Lillestrøm kommune (1908-1962).
Lillestrøm kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Viken
Adm.senter Lillestrøm
Areal 460 km²
 - land 425,87 km²
 - vatn 34,13 km²
Folketal 87 500 (1. januar 2018)
Ordførar Jørgen Vik (Ap)
Kommunenr. 3030
NO 3030 Lillestrøm.svg
Nettstad: http://www.lillestrom.kommune.no

Lillestrøm kommune er ein kommune på Nedre Romerike i Viken fylke som vart danna gjennom samanslåing av Skedsmo, Fet og Sørum kommunar i tidlegare Akershus fylke.[1] Ved skipinga hadde kommunen rundt 87 500 innbyggjarar.[2] Lillestrøm er den 4. største kommunen i Viken[3] og den 9. største i Noreg.[2]

Kommunevåpenet viser ein stokkebåt etter «Sørumsbåten», ein rundt 2200 år gammal slik båt som vart funnen i Sørum.[4]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Lillestrøm var også namnet på ein tidlegare kommune i Akershus fylke som omfatta tettstaden Lillestrøm. Han hadde nummeret 232. Kommunen vart oppretta i 1908 ved at han vart skilt ut frå gamle Skedsmo kommune saman med Lørenskog kommune. 1. januar 1962 vart Lillestrøm kommune slått saman med Skedsmo kommune att. Administrasjonssenteret i Skedsmo kommune var Lillestrøm.

1. januar 2020 vart Skedsmo, Fet og Sørum kommunar slegne saman til nye Lillestrøm kommune. Samstundes vart Akershus fylke slege saman med Østfold og Buskerud til nye Viken fylke, som kommunen er ein del av.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lovdata.no. (20.12.2017). Forskrift om sammenslåing av Fet kommune, Skedsmo kommune og Sørum kommune til Lillestrøm kommune, Akershus
  2. 2,0 2,1 «Fakta om Lillestrøm», Lillestrøm kommune (på norsk), henta 2. januar 2020 
  3. «Viken fakta og tall». www.viken2020.no (norsk). Henta 31. desember 2019. 
  4. «Stokkebåten er vårt kommunevåpen», Lillestrøm kommune (på norsk), henta 2. januar 2020 
  5. Sandvik, Siv (22. februar 2017), «Slik endres norgeskartet», NRK (på bokmål), henta 2. januar 2020