Reichenbachfall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reichenbachfall
foss
none  ReichenbachWaterFall.jpg
ReichenbachWaterFall.jpg
Område Meiringen i kantonen Bern i Sveits
Fossetype Katarakt
Elv Aare
Totalt fall 250 m
 - Lengste fall 90 m
Tal på fall 2
Wikimedia Commons: Reichenbach Falls

Reichenbachfall er ei rekkje fossar i elva Aare nær Meiringen i kantonen Bern sentralt i Sveits. Dei har eit samla fall på 250 m. Med ei høgd på 90 m er Øvre Reichenbachfalla ein av dei høgaste kataraktfossane i Alpane. Det er lett å nå fossane med kabelbanen Reichenbachfall-Bahn.

Eit vasskraftverk regulerer i dag vassføringa i Reichenbachfalla til visse tider av året.

Holmes og Moriarty kjempar til døden ved Reichenbachfalla. Teikning av Sidney Paget.
Reichenbachfalla om natta

I populærkulturen er fossane kjend som staden der helten til Sir Arthur Conan Doyle, Sherlock Holmes, har den endelege kampen med erkefienden sin Moriarty.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Reichenbachfall ved Wikisource.