Reidar Jentoft Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Jentoft Nilsen
Fødd9. september 1947
Død9. januar 2022 (74 år)
Statsborgar avNoreg

Reidar Jentoft Nilsen (9. september 19479. januar 2022) var ein norsk fiskar som var leiar for Norges Fiskarlag 2001–2013 og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet frå Hasvik i Finnmark.[1]

Reidar Nilsen voks opp i Hasvik på Sørøya og drog til sjøs alt som 14-åring med skuleskipet «Gann». Han var utdanna styrmann frå Sjømannskolen i Tromsø og reiste i utanriksfart til han i 1970 vart skipper på eigen reketrålar.[2] Han var leiar av Norges Fiskarlag frå 2001 til 2013.[3] Nilsen var styremedlem i Finnmark Fiskarlag i ti år og formann i seks år. Han var også lokalpolitikar og medlem av Hasvik kommunestyre i fem periodar. Nilsen var leiar av pensjonistforeininga i Hasvik og var styremedlem i det lokale samfunnshuset.

Reidar Nilsen omkom i eit forlis på Finnmarkskysten søndag 9 januar 2022, saman med sonen Remi Nilsen. Dei var på veg frå Hasvik til Tanafjorden då fiskebåten deira «Peik» forliste utanfor Gamvik i Finnmark.[4][5][6][7][8]

Nilsen vart utnemnd til æresmedlem av Norges Fiskarlag i 2015.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dødsannonse». Finnmark Dagblad. 29. april 2022. 
  2. «Mangeårig fiskarlagsleder Reidar Nilsen antatt omkommet». lofot-tidende.no. 10. januar 2022. 
  3. «Reidar Nilsen i forlis - en savnet, en omkommet». Norges Fiskarlag. 
  4. «Tidligere fiskerlegsleder antatt omkommet]». NRK/Troms og Finnmark. 10. januar 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Tidligere fiskarlagsleder Reidar Nilsen forliste». VG. 10. januar 2022. 
  6. Ole Magnus Rapp (14. januar 2022). «Fiskerhøvding omkom på havet - Reidar Nilsen 1947-2022». Klassekampen. 
  7. «Til minne om Reidar Nilsen (1947-2022)». Fiskeribladet. 20. januar 2022. 
  8. «Reidar Nilsen bekreftet omkommet». NRK/Troms og Finnmark. 22. april 2022.