Reidun Buer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Reidun Buer Skogvold (fødd 11. april 1938) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo som utmerkte seg i sprint. Ho vart tildelt kongepokalen fire gongar; under noregsmeisterskapen i 1955, 1956, 1957 og 1959. Buer var medlem i IL i BUL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

17-år gamle Buer vann to gullmedaljar då NM i friidrett 1955 vart avvikla i heimbyen. Med tida 25,4 sekund tangerte ho noregsrekorden på 200 meter, elles sigra ho på 60 meter og fekk sølv på 100 m. Året etter kopierte ho prestasjonane og vann to gull og eitt sølv på nøyaktig same distansane i NM, det var elles siste gongen 60 meter stod på NM-programmet utandørs. Åra 1957 til 1960 sprang Buer inn til gullmedalje på både 100 m og 200 m i noregsmeisterskapen. Sigersrekkene, på 200 meter på seks år, vart broten i 1961 då ho kom på sølvplassen i NM på begge distansane.

Perioden 1954-59 sette Buer ei rad norske rekordar i sprint. Hausten 1954 fekk ho 7,5 sekund i sluttid på 60 meter, ei rekordforbetring med to tidels sekund. Rekorden vart sletta av Sissel-Falck-Jørgensen i 1957. På 200 meter forbetra Buer den norske rekorden fire gongar. I juni 1957 flytta ho rekorden til 25,3 sekund. Dei store forbetringane på distansen kom i 1959-sesongen, ho noterte seg fyrst for tida 25,0, deretter 24,8 og så, under NM i friidrett 1959Hamar, for sterke 24,5 sekund og kongepokal nummer 4. Den rekorden gjaldt til Berit Berthelsen sprang på 24,4 i 1965. Tidlegare i 1959-sesongen, den 5. juli i Helsingør i landskamp mot Danmark, vart Buer fyrste norske kvinna under 12 sekund på 100 meter. Rekordtida 11,8 sekund vart tangert av to utøvarar før den eine av desse, nemnte Berthelsen, fekk notert 11,7 i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]