Reimegrend
Utsjånad
| Reimegrend | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Voss | ||
| Postnummer | 5700 VOSS | ||
| Ferdselsårer | Fv307 Bergensbanen | ||
![]() Reimegrend 60°40′50″N 6°44′29″E / 60.68061889°N 6.7414°E | |||
Reimegrend er ei bygd i Raundalen aust for Voss i Vestland. Reime, som staden òg vert kalla, har òg ein stasjon langs Bergensbanen, Reimegrend stasjon. For tida er det berre lokaltoget frå Voss som stoggar der. Staden har ein liten landhandel, i tillegg til eit skitrekk som er ope i påsketider. Det ligg mange hytter i området, sjølv om det meste av hyttebygginga dei siste tiåra har skjedd ved Mjølfjell litt lenger aust i dalstroket.
