Reinlav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinlav
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Sekksporesoppar Ascomycota
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Lecanoromycetes
Underklasse: Lecanoromycetidae
Orden: Kantlavordenen Lecanorales
Familie: Cladoniaceae
Slekt: Reinlav Cladina
Nyl.

Reinlav er ei samnemning på ei rekke lavartar i slekta begerlav (Cladonia), tilhøyrande underslekta Cladina.

Reinlaven sitt tallus (plantelegeme) er laust festa til underlaget og høgda varierer for dei ulike artane frå 3-5 cm opp til 10-15 cm. Den veks normalt direkte på jordsmonnet og er tilpassa ekstreme temperaturskilnader. Enkelte artar veks i store mengder i fjellstrøk, i skog og på tundraen på den nordlege halvkula; om vinteren er han hovudnæringa for reinen, som dekker opp til 90 % av næringsbehovet sitt med reinlav. Forutan å vere næring for rein har enkelte artar (spesielt kvitkrull) òg vore nytta til tettemateriale i hus, og i dag blir reinlav sanka til pynteformål. Nokre av artane veks òg i typiske kyststrøk.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]