Relaskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit relaskop er eit enkelt instrument som vert bruka ved taksering av skog. Relaskopet finn eit tal for grunnflatesummen i eit skogbestand, uttrykt i per hektar.

Bruksteori[endre | endre wikiteksten]

Eit tradisjonelt relaskop er sett saman av ei lita plate med ei sikteopning som er 1,0 cm brei. Sikteplata er festa til ein stong eller ei lenkje som er 50 cm lang. Når ein held relaskopet slik at den eine enden ligg inntil kinnbeinet under auga, og sikteopninga er 50 cm frå auga, vil sikteopninga vere 2 % av avstanden frå siktet til auga. Ser vi gjennom sikteopninga og til eit tre 10 m unna, viser sikteopninga eit felt som er 20 cm breitt (2 % av 10 m). Eit tre som er 20 cm breitt som står 10 m frå relaskopet, vil akkurat fylle sikteopninga. Diameteren til dette treet vil vere 1/10 000 av diameteren til ein sirkel med radius 10 m, og treet vil følgjeleg ha ei grunnflate som er 1/10 000 av grunnflata til ein sirkel med radius lik avstanden til treet. Alle like store tre som står nærmare, vil ha same grunnflata.

På same måten kan observatøren sikte inn eit tre som står 30 m unna, og sjå at det dekker sikteopninga om det er 60 cm breitt. Også dette treet vil ha ein diameter som er 1/10 000 av diameteren til sirkelen med radius 30 m, og følgjeleg ei grunnflate som er 1/10 000 av grunnflata til den store sirkelen. Andre tre med same diameter som står nærare, vil ha same grunnflata. Tilsvarande resonnement kan ein gjere for alle tre med alle andre diametrar – alle tre som akkurat fyller relaskopet, har ei grunnflate som er 1/10 000 av grunnflata til sirkelen dei står i ytterkant av.

Grunnflatesummen i eit skogbestand er summen av grunnflatene på stammane, målt i brysthøgde. Grunnflatesummen vert gjerne uttrykt i m2 per hektar. Sidan eit hektar er 10 000 m², vil kvart tre som fyller relaskopet representere ei grunnflate på 1 m²/ha, som er 1/10 000 av 10 000.

Praktisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Vanlege relaskop er laga av ei metallplate festa til ein stong eller ei lenkje.

Observatøren held relaskopet slik at den eine enden ligg inntil kinnbeinet under auga og sikteplata er 50 cm frå auga. Han dreier relaskopet i ein full sirkel, og tel kor mange tre som fell inn i relaskopet. Kvart tre som fyller relaskopet, vil representere ei grunnflate på 1 m²/ha.

Ved hjelp av tabellar kan observatøren rekne grunnflatesummen om til bestandsvolum.

Det er òg utvikla prismerelaskop og speglrelaskop, som byggjer på same statistiske teori, men som verkar på ein annan måte.

Feilkjelder[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire teoretiske og praktiske feilkjelder ved bruk av realskop. Dei viktigaste er:

  1. Relaskopet undervurderer grunnflatesummen i hellande terreng. Feilen betyr lite ved moderat terrenghelling.
  2. Kvist og kratt kan hindre sikt i tette bestand.
  3. Observatøren må stille seg på ein tilfeldig stad i bestandet, gjer han ikkje det, kan det oppstå systematiske feil.
  4. Observatørar kan ha ein tendens til å overvurdere eller undervurdere talet på tre dei skal telje med.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]