Legendeeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Religiøse eventyr)
Illustrasjon av Theodor Kittelsen til folkeventyret «Gjertrudsfuglen»

Legendeeventyr eller religiøse eventyr er ei form for eventyr som minner om legender, men gjerne er mindre alvorlege enn desse.[1] Eventyra handlar om namngjevne personar, til dømes om gudar eller helgenar, og har ofte eit tydeleg religiøst innhald. Legendeeventyr har Aarne-Thompson-nummer 750–849.[2]

Personar som kan opptre i kristne legendeeventyr er Jesus, Vårherre, apostelen Peter og jomfru Maria i møte med ulike menneske. Det finst likande eventyr om heidenske gudar frå til dømes gresk og norrøn tradisjon.[2]

Nokre døme på legendeeventyr er «Gjertrudsfuglen» (AT 751A), «Evas ulike barn» (AT 758) om opphavet til dei underjordiske, og «Fandens sju spørsmål» (AT 812).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eventyret som genre», stud.hsh.no, arkivert frå originalen 10. mars 2007, henta 16. januar 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Legendeeventyr (AT 750 - AT 849)», www.hf.uio.no (på norsk) (Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO), henta 16. januar 2019 
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.