Rescue Me av Fontella Bass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rescue Me
Singel av Fontella Bass
frå albumet The New Look
B-side «Soul of the Man»
Utgjeve 25. september 1965
Sjanger
Lengd 2:51
Selskap Chess
Låtskrivar(ar)
  • Raynard Miner
  • Carl Smith
  • Fontella Bass (omstridd)
Produsent Billy Davis
Fontella Bass-kronologi
«You'll Miss Me (When I'm Gone)» (med Bobby McClure)
(1965)
Rescue Me «Recovery»
(1965)


«Rescue Me» er ein rhythm and blues-song først spelt inn og gjeven ut på singel av Fontella Bass i 1965. Den originale versjonen av songen,[1] og BMI,[2] har Raynard Miner og Carl William Smith oppført som låtskrivarar, men mange kjelder har òg med Bass sjølv som medlåtskrivar.[3][4][5][6][7] Det vart den største hitten til Bass og han låg fire veker på toppen av R&B-lista og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[8] «Rescue Me» nådde 11. plassen på UK Singles Chart.[9]

Originalinnspelinga[endre | endre wikiteksten]

I følgje forfattaren Robert Pruter i boka si Chicago Soul, kom songen til under ei øving hos Chess Records:[10] «'Rescue Me' var eit glimrande døme på Chess-studiosystemet på sitt beste. Ein laurdag i august 1965 sa Bass i eit øvingsstudio med produsentane og låtskrivarane Carl Smith og Raynard Miner. Dei leika seg med ein song då arrangøren Phil Wright kom inn og dei fire i lag skapte 'Rescue Me'. [Billy] Davis produserte denne songen...» Bass hevda at sjølv om Smith, Miner og Davis hadde sikra ho om at ho skulle få teksten til songen tilskriven seg, vart dette aldri gjort.[11]

Bass spelte inn songen på tre forsøk på Chess Studios i Chicago. Minnie Riperton song korvokal og Maurice White og Louis Satterfield, seinare i Earth, Wind & Fire, var på trommer og bass.[11] Andre musikarar på innspelinga var Pete Cosey og Gerald Sims på gitar, Leonard Caston (seinare ein produsent hos Motown) på piano, Sonny Thompson på orgel og Charles Stepneyvibrafon. Songen hadde òg trombonar. I følgje Bas var kall-og-svar-stønna mellom henne og bassgitaren under uttoninga ikkje planlagt. I eit intervju med The New York Times i 1989 sa ho, «Då me spelte inn den songen gløymde eg noko av teksten. Den gongen så stoppa du ikkje medan lydbandet gjekk og eg hugsa frå kyrkja kva du gjorde om du gløymte orda. Eg song ‘Ummm, ummm, ummm,’ og det fungerte så bra.»[12][13]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Fontella Bass
Liste (1965) Plassering
UK Singles (OCC)[9] 11
U.S. Billboard Hot 100[14] 4
U.S. Billboard R&B[8] 1
U.S. Cash Box Top 100[15] 3
Shirley Eikhard
Liste (1974) Plassering
Canada RPM Adult Contemporary[16] 70
Canada RPM Top Singles[17] 87
Cher
Liste (1975) Plassering
Canada RPM Top Singles[18] 82
U.S. Cash Box Top 100[19] 84
U.S. Record World [20] 87

Melissa Manchester
Liste (1976) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[14] 76
Gail Dahms
Liste (1976) Plassering
Canada RPM Adult Contemporary[21] 49
Sass Jordan
Liste (1990) Plassering
Canada RPM Top Singles[22] 44
Nu Generation
Liste (1999-2000) Plassering
Belgia [23] 40
Frankrike [23] 77
Tyskland [23] 78
29
Nederland [23] 95
UK Singles (OCC)[24] 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[25] 49

Andre lister[endre | endre wikiteksten]

Denne informasjonen er henta frå acclaimedmusic.net.[26]

Publikasjon Land Pris År Rangering
Bruce Pollock USA Dei 7 500 viktigaste songane frå 1944 til 2000 2005 Ingen rangering
Dave Marsh & Kevin Stein USA Dei 40 beste av topp 40-singlane kvart år 1981 31
Dave Marsh U.S. Dei 1001 beste singlane laga nokon gong 1989 305

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Shirley Eikhard spelte inn ein versjon som gjekk inn på den kanadiske singellista i 1974.[17]
  • I 1974 gav Cher ut ein versjon på singel, frå albumet Dark Lady. Denne nådde 82. plassen i Canada.[18]
  • I 1976 spelte Melissa Manchester inn «Rescue Me» for albumet Better Days and Happy Endings. Songen kom ut på singel og nådde 78. plassen på Billboard Hot 100.
  • I 1979 spelte Tom Jones inn ein versjon av songen for albumet sitt Rescue Me.
  • Sass Jordan spelte han inn for filmmusikkalbumet American Boyfriends i 1989. Versjonen hennar nådde 44. plassen på den kanadiske singellista.
  • Pat Benatar spelte inn ein versjon i 1994 for filmen Speed.
  • Songen vart spelt av Nu Generation i 1999 og nådde åttandeplassen[24] og 29. plassen i Irland.
  • I 2019 gav David Solomon ut ein elektronisk versjon av songen med Glee-stjerna Alex Newell.

Clear Channel-lista[endre | endre wikiteksten]

«Rescue Me» var ein av songane som vart rekna som upassande av Clear Channel etter 11. september 2001-åtaka i New York.[27]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Rescue Me» label shot». 1.bp.blogpsot.com. Henta 23. juli 2021. 
  2. «BMI Repertoire Search: «Rescue Me»». Repertoire.bmi.com. Henta 23. juli 2021. 
  3. Salter, Jim (27. desember 2012). «Obituaries». The Washington Post. 
  4. «Fontella Bass Dies At 72». Huffington Post. 27. desember 2012. 
  5. «Fontella Bass, singer of 'Rescue Me,' dies». Chicago Sun-Times. 
  6. «Fontella Bass i USA soul singer of Rescue Me, dies at 72». BBC News. 27. desember 2012. 
  7. «'Rescue Me' soul singer Fontella Bass dead at 72». CBS News. 
  8. 8,0 8,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 48. 
  9. 9,0 9,1 «Official Charts Company». Officialcharts.com. 12. august 1965. Henta 23. juli 2021. 
  10. Pruter, Robert (2002). Chicago Soul. Chicago: University of Illinois Press. s. 123. ISBN 0252062590. 
  11. 11,0 11,1 Perrone, Pierre (28. desember 2012). «Fontella Bass: Singer famed for her powerful interpretation of the million-seller 'Rescue Me'». The Independent (London). Henta 24. juli 2021. 
  12. Sisario, Ben (27. desember 2012). «Fontella Bass, 72, Singer of 'Rescue Me,' Is Dead». New York Times. Henta 24. juli 2021. 
  13. Pareles, Jon (13. januar 1989). «POP/JAZZ; A Family Of Gospel Singers». The New York Times. 
  14. 14,0 14,1 Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990 - ISBN 0-89820-089-X
  15. «Cash Box Top 100 11/27/65». Cashboxmagazine.com. Henta 24. juli 2021. 
  16. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 23. februar 1974. Henta 15. februar 2021. 
  17. 17,0 17,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 23. februar 1974. Henta 15. februar 2021. 
  18. 18,0 18,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 3. mai 1975. Henta 15. februar 2021. 
  19. «Cash Box Top 100 4/19/75». Cashboxmagazine.com. Henta 24. juli 2021. 
  20. Record World, 19. april 1975, Worldradiohistory.com
  21. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 23. oktober 1976. Henta 15. februar 2021. 
  22. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 27. januar 1990. Henta 15. februar 2021. 
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 «lescharts.com - Nu Generation - In Your Arms (Rescue Me)». Lescharts.com. Henta 24. juli 2021. 
  24. 24,0 24,1 «Hits of the World» (PDF). Billboard: 88. 5. februar 2000. 
  25. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  26. «Rescue Me». Acclaimed Music. Henta 23. juli 2021. 
  27. Murphy, Heather (18. september 2001). «It's the End of the World as Clear Channel Knows It - Slate Magazine». Slate.com. Henta 24. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]