Revingeby

Koordinatar: 55°43′28.200″N 13°27′48.557″E / 55.72450000°N 13.46348806°E / 55.72450000; 13.46348806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°43′28.200″N 13°27′48.557″E / 55.72450000°N 13.46348806°E / 55.72450000; 13.46348806

Revingeby

Revingeby er ein tettstad i Lunds kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 538 innbyggjarar.

Revingeby ligg ved det militære øvingsområdet Revingehed, like ved grensa til Eslövs kommun. Busetnaden består hovudsakleg av einebustader og rekkehus. Her ligg òg ei kyrkje, ein skule, eit ridehus, brannstasjon, reinseverk, vannverk, Statens räddningsskola, ein førskule og ein idrettsplass. Dei største arbeidsgjevarane er det svenske forsvaret og Statens räddningsverk.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Fra 1905 til 1939 var Revingeby ein stasjon på banen Lund-Revinge-Harlösa. Stasjonen låg 21,4 meter over havet. I dag går det ingen tog til Revingeby. På det tidlegare banelegemet blei det bygd ny bilvei mellom Revingeby og Södra Sandby. Den rette strekninga utanfor blei på 1960-talet bygd ut og tatt i bruk av det svenske flyvåpenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]