Rheinwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rheinwald mot nord mellom Nufenen og Hinterrhein.

Rheinwald er ein del i kantonen Graubünden i Sveits. Elva Hinterrhein renn gjennom tre dalar i Graubünden og Rheinwald er den høgastliggande av desse.

Rheinwald er om lag 26 km lang og går hovudsakleg frå aust til vest. På begge sider av dalen ligg fjell på over 3 000 meter. Dei høgaste toppane er Rheinwaldhorn (3 402 moh) i vest og Pizzo Tambo (3 279 moh) i sør. Hinterrhein forlet dalen ved inngangen til Roflaschlucht, som skil Rheinwald frå Schamsdalen.

Rheinwald nær Splügen, kring 1920

To fjellovergangar fører sørover frå Rheinwald: San Bernardino-passet til Misoxdalen og Splügenpasset til Val San Giacomo i Italia. San Bernardino-tunnelen vart opna i 1967 og er open heile vinteren.

Alle landsbyane i dalen ligg på nordsida av elva i høgder mellom 1 420 og 1 620 moh, ved foten av dei moderate bratte dalsidene på solsida av dalen.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Det økonomiske og kulturelle senteret i dalen er Splügen. 'Krinsen Rheinwald' er eit deldistrikt i distriktet Hinterrhein. Det omfattar kommunane Hinterrhein, Nufenen, Splügen og Sufers. Dalen Val Curciusa høyrer orografisk til Rheinwald, men administrativt til Mesocco.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°32′42″ N 9°17′20″ E