Val Curciusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Val Curciusa
dal
Curciusa Alta.jpg
Curciusa Alta sett frå sør (utsyn over dalen)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits

Val Curciusa
46°30′19″ N 9°15′36″ E
Wikimedia Commons: Val Curciusa

Val Curciusa er ein fjelldal i Graubünden i Sveits. I området ved San Bernardino-passet knyter han saman Rheinwalddalen og Misoxdalen.

Val Curciusa går sørover frå Nufenen i retning mot Misoxdalen, og endar opp ved Bocchetta di Curciusa, ein fjellovergang, som er mogeleg å sjå direkte frå San Bernardino mot søraust. Dalen er kring 9 km lang og vert drenert av elva Areua, som munnar ut i Hinterrhein ved Nufenen.

Sjølv om dalen drenerer mot nord, er om lag 85 % av området, fram til om lag 2 km før samløpet mellom Areua og Hinterrhein, i kommunen Mesocco sør for nedslagsfelt.

Dei høgaste fjelltoppane på austsida av dalen er Pizzo Tambo, sør for Areuapasset og Guggernüll, nord for passet. Dei høgaste toppane på vestsida er Piz de la Lumbreida, sør for stien til Val Vignun og Einshorn nord for stien.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Val Curciusa

Koordinatar: 46°30′19″N 9°15′36″E