Rhodokrositt
Rhodokrositt | |
![]() Rhodokrositt frå Sweet Home Mine i Alma i Colorado i USA | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Karbonatmineral |
Kjemisk formel | MnCO3 |
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 |
Krystallsymmetri | Trigonal heksagonal ulikesida H-M-symbol: (32/m) Romgruppe: R3c |
Einingscelle | a = 4.777 Å, c = 15.67 Å; Z=6 |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 114.95 g/mol |
Farge | rosa, roseraud, kirsebærraud, gul, gulaktig grå, kanelbrun, kan vere banda |
Krystallform | Rhomboeder og ulikesida krystallar; òg vanlegvis blada, skiveforma, stalkittisk, botryoidal, korna eller massiv |
Krystallsystem | Trigonal |
Tvilling | på {1012} som kontakt og lamellert |
Kløyv | på {1011} perfekt; deling på {1012} |
Brot | Ujamn, muslig |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 3.5-4 |
Glans | glasaktig til perleaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 3,7 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) |
Brytingsindeks | nω = 1.814 - 1.816 nε = 1.596 - 1.598 |
Dobbeltbryting | δ = 0.218 |
Pleokroisme | svak |
Ultrafiolett fluorescens | Ingen |
Kjelder | [1][2][3] |
Rhodokrositt eller manganspat er eit mineral som vanlegvis har ein ven raud farge i ulike nyansar. Det er eit mangankarbonat, MnCO3, med vekslande mengder jarn og kalsium. Hardleiken er ikkje særleg stor (4–4½), men mineralet blir likevel brukt som smykkestein og til prydgjenstandar pga fargen og dei ulike mønstra som kan opptre i banda materiale. Det beste råmaterialet for slike føremål kjem frå provinsen Catamarca i Argentina. Utsøkte, klåre krystallgrupper finst frå Hotazel nær Kuruman i Sør-Afrika. Denne materialen eignar seg òg til fasettering. Rhodokrosittkrystaller er elles særleg kjent frå Colorado (større funn i 1990-åra), Montana, Mexico, Peru, Romania og Tyskland.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Rhodokrositt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/rhodokrositt.