Richard Marx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Marx
Richardmarx-jan27th2005-0002.jpg
Verkeleg namn Richard Noel Marx[1]
Fødd 16. september 1963 (54 år)[1]
Chicago i USA[1]
Instrument vokal, gitar, klaverinstrument, orgel, piano, bassgitar
Sjanger Poprock, alternativ rock, softrock[2]
Aktive år 1980 til i dag
Yrke Songar-låtskrivar, musikar, plateprodusent, skodespelar
Tilknytte artistar Dick Marx, Fee Waybill, Matt Scannell, Luther Vandross, Keith Urban
Plateselskap Capitol, EMI, Manhattan, Signal 21, Zanzibar, Frontiers, Kobalt Label Services
Nettstad www.richardmarx.com

Richard Noel Marx (fødd 16. september 1963) er ein USA-amerikansk adult contemporary- og pop/rock-songar, låtskrivar, musikar og plateprodusent som har seld over 30 millionar plater. Han hadde ei rekkje hitsinglar i 1980- og 1990-åra som «Endless Summer Nights», «Right Here Waiting», «Now and Forever» og «Hazard». Sjølv om nokre av dei store hittane hans var balladar, er mange av songane hans rockelåtar, som «Don't Mean Nothing», «Should've Known Better», «Satisfied» og «Too Late to Say Goodbye».

Marx hamna i rekordbøkene som den første soloartisten som fekk dei sju første singlane sine inn på topp 5 på Billboard Hot 100-lista i USA.[3] Utanom songar han har skrive og framført sjølv, han har han skrive og produsert songar for andre artistar, som «This I Promise You» av NSYNC og «Dance With My Father» av Luther Vandross. Den 14. og så langt siste listetoppen hans var «Long Hot Summer» med Keith Urban.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]