Richard Wilhelm Hermann Bruns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Wilhelm Hermann Bruns
Fødd 28. juni 1900
Død

20. september 1947

Richard Wilhelm Hermann Bruns (28. juni 190020. september 1947) var ein tysk gestapooffiser som verka i Noreg under andre verdskrigen. Bruns blei dømd for krigsbrotsverk og avretta på Akershus festning.

Bruns var fødd i Hannover. Han vart tilsett i tysk politi i 1920. Til Noreg kom han i oktober 1941, og frå januar 1942 arbeidde han i Gestapo i Oslo. Bruns var SS-Untersturmführer og Kriminalobersekretär.

Han vart dømd til døden 20. mars 1946 for grov tortur mot 11 nordmenn. Han vart frikjent for drap på to nordmenn fordi retten fann at dei var skotne under forsøk på rømming og at det er tillatt å skyte ein fange under slike tilhøve. Dommen var stadfesta i Høgsterett 3. juli 1946, og etter at søknad om nåde vart avslegen vart han avretta 20. september 1947.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]