Rick and Morty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rick and Morty
Rick and Morty.svg
Typeanimert fjernsynsserie
SjangerSituasjonskomedie, science fiction
OpphavslandUSA
Sesongar4
Episodar41
Lengd22 min. (per episode)
SpråkEngelsk
SkaparJustin Roiland, Dan Harmon
ProdusentJustin Roiland
Dan Harmon
RøysterRob Paulsen, Maurice LaMarche, Gary Anthony Williams, Jess Harnell, Echo Kellum, John Oliver, Sarah Chalke, David Cross, Phil Hendrie, Cassie Steele, Spencer Grammer, Dan Harmon, Rob Schrab, Werner Herzog, Chelsea Kane, Kevin Michael Richardson, Eric Bauza, Tom Kenny, Nathan Fillion, Nolan North, Clancy Brown, Tony Hale, Joel McHale, John DiMaggio, Susan Sarandon, Peter Serafinowicz, Danny Trejo, Gillian Jacobs, Christian Slater, Lance Reddick, Tara Strong, Dana Carvey, Steve Agee, Reagan Gomez-Preston, Claudia Black, Virginia Hey, Alfred Molina, Tress MacNeille, Chris Romano, Keegan-Michael Key, Jordan Peele, Jemaine Clement, Andrew Daly, Patton Oswalt, Christina Hendricks, John Kassir, Dawnn Lewis, Alan Tudyk, James Callis, Keith David, Matt Walsh, Gary Cole, Jim Rash, Kurtwood Smith, Stephen Colbert, Tricia Helfer, Justin Roiland, Chris Parnell
Periode2. desember 2013–
i dag
DistributørCartoon Network
Warner Bros. Television Distribution
KanalAdult Swim
Biletformat16:9

Rick and Morty er ein amerikansk animert science fiction-sitcom retta mot vaksne, skapt av Justin Roiland og Dan Harmon for kveldsprogrammet Adult SwimCartoon Network. Serien følgjer påfunna til ein kynisk vitskapsmann, Rick Sachez, og dottersonen hans, Morty Smith, som fordeler tida si mellom det normale heimelivet og interdimensjonale eventyr. Serien premierte 2. desember 2013, og den tredje sesongen vart avslutta 1. oktober 2017. I mai 2018 vart serien fornya for 70 nye episodar fordelte på eit uvisst tal på sesongar.[1]

Roiland gjev stemme til dei to hovudfigurane, medan Chris Parnell, Spencer Grammer og Sarah Chalke er stemmeskodespelarane til resten av familien. Serien har opphav frå ein animert parodisk kortfilm av Back to the Future, The Real Animated Adventures of Doc and Mharti, skapt av Roiland for Channel 101, ein kortfilmfestival i Los Angeles. Etter at Harmon vart kontakta av Adult Swim for om han kunne tilby idear til nye underhaldingsprogram, gjekk han og Roiland inn for å utvikle ein serie basert på kortfilmen. Rick and Morty har fått positiv mottaking for særhåtten, kreativiteten og humoren i serien.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rick and Morty Renewed for Season 4». GQ. Henta 16. august 2018. 
  2. «Rick and Morty». Rotten Tomatoes. Henta 16. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Rick and Morty