Situasjonskomedie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Situasjonskomedie (engelsk teleskopord sitcom) er komediesjangrar som har faste gjennomgangsfigurar som delar eit felles miljø, som ein heim eller ein arbeidsstad, og dei involverte figurane hamnar i morosame situasjonar og nyttar ein humoristisk dialog seg imellom.[1][2] Nokre døme er amerikanske Cosby med familie, ein tv-serie om ein afroamerikansk familie, eller Friends eller Venner for livet som tok for seg seks venner, tre av kvart kjønn i same alder, som meir eller mindre budde saman. Slike program har opphavet sitt i radio, men er særleg blitt populær underhaldning på fjernsynet som ei dominerande forteljarform. Norske døme er Mot i brøstetTV 2 og Side om sideNRK. Denne forma for komediar inkluderer òg liksom-dokumenterer som Kontoret med Ricky Gervais.

Den fyrste situasjonskomedien på TV blir hevda å vera Pinwright's Progress, med ti episodar som blei viste på BBC i Storbritannia mellom 1946 og 1947.[3][4] I USA er regissøren og produsenten William Asher blitt rekna som «mannen som oppfann sitcom» Han regisserte over to dusin ulike situasjonskomediar, inkludert den nær evigvarande I Love Lucy med Lucille Ball frå 1950-talet og fram til 1970-talet.[5]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste situasjonskomediane bestod av individuelle episodar der ein ikkje trong nokon introduksjon for å komma inn i handlinga. Hovudpersonane var statiske og utvikla seg lite frå gong til gong. Mange tok etter denne forma, og hendingar i ein episode blei ikkje nemnde i seinare episodar. Dette er tydeleg i til dømes The Brady Bunch, der ein ofte blei presentert for venner eller slektningar som berre var med i ein episode.

På 1990-talet byrja mange seriar å ha ei tilbakevendande historie som ein kunne følgja i ein heil sesong, i tillegg til alt det andre som skjedde. Ein hadde sett kvar populært dette var i såpeoperaene, og ville dra nytte av dette. Eit godt døme på dette er Venner for livet, der fleire kjærleikshistorier danna bakgrunnen for handlinga.

Seinfeld tok dette til motsett kant etterkvart som serien utvikla seg, og i dei siste sesongane var det alltid ein eller fleire referansar til tidlegare episodar i kvar ny episode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «sitcom», Merriam-webster
  2. «sitcom», Collins Dictionary
  3. «Pinwright's Progress». Comedy.co.uk.
  4. Lewisohn, Mark (2003): «Radio Times Guide to TV Comedy». BBC Worldwide Ltd.
  5. «William Asher - The Man Who Invented the Sitcom», Palm Springs Life, desember 1999

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]