Ricky Skaggs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ricky Skaggs
Ricky Skaggs in May 2016 (cropped).jpg
Ricky Skaggs under Festival of Faiths i mai 2016
Fødd18. juli 1954 (66 år)
FødestadCordell i Kentucky i USA
FødenamnRickie Lee Skaggs[1][2]
OpphavUSA
AktivSidan 1961
SjangerBluegrass,[3] nytradisjonell country,[4] gospel,[5] folk
InstrumentVokal, mandolin, gitar, banjo, fele
Tilknytte artistarRalph Stanley and the Clinch Mountain Boys, J.D. Crowe og New South, Emmylou Harris and the Hot Band, The Whites, Kentucky Thunder, Bruce Hornsby, Hillary Scott
PlateselskapSugar Hill, Epic, Rounder, DCC, Atlantic, Camden, Rebel, Hollywood, Legacy, Skaggs Family
Verka somSongar-låtskrivar, studiomusikar, bandleiar, produsent, arrangør

Rickie Lee Skaggs[1][2] (fødd 18. juli 1954),[6] kjend under artistnamnet Ricky Skaggs, er ein USA-amerikansk country og bluegrass-songar, musikar, produsent og komponist. Han speler hovudsakleg mandolin, men han speler òg fele, gitar, mandocaster og banjo.

Skaggs vart innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i 2016 og Country Music Hall of Fame i 2018.[7]

Berre sju år gammal spelte Skaggs på fjernsyn på countryshowet til Martha White i lag med Lester Flatt og Earl Scruggs. Tidleg i 1970-åra spelte han med Ralph Stanley. Skaggs vart sidan med i The Country Gentlemen i Washington, DC. I 1976 skipa Skaggs det progressive bluegrassbandet Boone Creek, med Vince Gill og Jerry Douglas. I eit par år var Skaggs medem av Emmylou Harris sitt Hot Band. Han var med å arrangere det bluegrass-aktige albumet til Harris i 1980, Roses in the Snow.

Skaggs starta sin eigen countrykarriere i 1980 og fekk 12 førsteplassar på countrylista, 8 CMA-prisar og 8 ACM-prisar. I 1982 vart han medlem av Grand Ole Opry, som den yngste nokon gong til å bli innlemma på den tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Skaggs, Ricky (2013). Kentucky Traveler: My Life in Music. 
  2. 2,0 2,1 Skaggs, Ricky (16. august 2013). «Read From Ricky Skaggs' Memoir, Kentucky Traveler». cmt.com. 
  3. Holtzclaw, Mike (9. april 2019). «Ricky Skaggs stays true to his country and bluegrass roots». Daily Press. Henta 21. juli 2019. 
  4. Freeman, Jon (11. september 2017). «How Ricky Skaggs Redefined Bluegrass and Brought It to the Mainstream». Henta 21. juli 2019.  [«Skaggs had his first country Number One, at age 27, in April 1982 with the weepy ballad “Crying My Heart Out Over You.» It kicked off an incredible run of 12 chart-topping hits, placing him in the first wave of country's celebrated neotraditional movement along with George Strait, John Anderson and Randy Travis."]
  5. «Ricky Skaggs, Whites Record Gospel CD». CMT.com. 7. september 2007. Henta 21. juli 2019. 
  6. «Famous birthdays for July 18: Vin Diesel, Kristen Bell». United Press International. 18. juli 2019. Arkivert frå originalen 19. juli 2019. Henta 11. november 2020. Country singer Ricky Skaggs in 1954 (age 65) 
  7. «Country Music Hall of Fame Elects Ricky Skaggs, Dottie West, Johnny Gimble». Henta 11. november 2020.