Ride Across the River av Dire Straits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ride Across the River
Song av Dire Straits
frå albumet Brothers in Arms
Utgjeve 13. mai 1985
Innspelt November 1984 - mars 1985,
AIR Studios, Montserrat / AIR Studios, London / Power Station, New York
Sjanger Roots rock, New Wave
Lengd 6:58 (LP)
Selskap Vertigo
Warner Bros. (US)
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler
Neil Dorfsman

«Ride Across the River» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits. Han vart først gjeven ut som det sjette sporet på det bestseljande albumet deira Brothers in Arms i 1985. Songen skil seg frå andre songar av bandet med latinske rytmar og fløyter. Teksten handlar om geriljakrig eller krigføring med leigesoldatar.

Med ei lengd på 6 minuttar og 58 sekundar er «Ride Across the River» den fjerde lengste songen på albumet.[1] Songen opnar den andre sida av den originale LP-plata. Han vart aldri gjeven ut som singel. Songen vart nytta i Miami Vice i episoden «Knock Knock, Who's There?» og serien The Last Ship.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]