Brothers in Arms av Dire Straits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brothers in Arms
Studioalbum av Dire Straits
Utgjeve 13. mai 1985
Innspelt AIR Studios, Montserrat, november 1984 – mars 1985
Sjanger Rock, roots rock
Lengd 55:07
Selskap Vertigo

Warner Bros. (USA)

Produsent Mark Knopfler, Neil Dorfsman
Dire Straits-kronologi
Alchemy
(1984)
Brothers in Arms Money for Nothing
(1988)
Singlar frå Brothers in Arms
  1. «So Far Away»
    Utgjeve: 8. april 1985
  2. «Money for Nothing»
    Utgjeve: 24. juni 1985
  3. «Brothers in Arms»
    Utgjeve: 14. oktober 1985
  4. «Walk of Life»
    Utgjeve: 30. desember 1985
  5. «Your Latest Trick»
    Utgjeve: 28. april 1986

Brothers in Arms er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 13. mai 1985 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Brothers in Arms nådde toppen av albumlistene verda over og låg ti veker på toppen av UK Album Chart (mellom 18. januar og 22. mars 1986), ni veker på toppen av Billboard 200 i USA og 34. veker på toppen av den australske albumlista. I Noreg låg albumet 12 veker på toppen av lista og i alt 49 veker inne på Topp 40. Albumet er det åttande bestseljande albumet i Storbritannia, er sertifisert til ni gonger platinaplate i USA og er eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene med over 30 millionar eksemplar.[1][2][3][4]

Albumet vann to Grammyprisar i 1986, og vann beste britiske album på Brit Awards i 1987.[5][6] Magasinet Q plasserte det på 51. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[7]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Brothers in Arms vart spelt inn frå november 1984 til mars 1985 ved AIR Studios på øya Montserrat, eit Britisk oversjøisk territorium i Karibia.[8] Albumet vart produsert av Mark Knopfler og Neil Dorfsman. Knopfler vart kjend med Dorfsman gjennom arbeidet hans på albumet Wanderlust av jazzvibrafonisten Mike Mainieri i 1981. I 1982 bad Knopfler Dorfsman om å arbeide med han på Dire Straits-albumet Love over Gold, og filmmusikken til Local Hero i 1983.[9] Brothers in Arms var eit av dei første albuma som vart spelt inn på ein 24-spors digitalopptakar. Denne avgjersla kom av at Knopfler stadig søkte etter betre lydkvalitet. «Ein av tingene eg absolutt respekterte han for», sa Dorfsman, «var interessa hans i teknologi for å betre musikken hans. Han var alltid villig til å bruke utstyr av beste kvalitet».[9]

Før han kom til Montserrat hadde Knopfler skriven alle songane og øvd dei inn med bandet. Studiobesetninga var Knopfler (gitar), John Illsley (bass), Terry Williams (trommer), Alan Clark (piano og Hammond B3) og Guy Fletcher, som var ny i bandet, og spelte ein synth-rig som bestod av ein svær Yamaha DX1, fleire Roland klaverinstrument og ein Synclavier.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Brothers in Arms var eit av dei første albuma som vart retta mot CD-marknaden, og var ei heilt digital innspeling (DDD) på ei tid då det meste av popmusikken vart spelt inn på analogt utstyr. Albumet vart òg gjeve ut på vinyl (forkorta til å passe inn på ei LP-plate) og kassett.

Brothers in Arms var det første albumet som selde ein million eksemplar på CD, og som selde betre enn LP-versjonen. Ein Rykodisc-tilsett sa seinare, «[I 1985] kjempa me for å få CDane våre produserte fordi heile produksjonskapasiteten i verda var overfløymd av etterspurnaden for ei enkel plate (Dire Straits' Brothers in Arms)».[10]

Plata vart remastra og gjeve ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 for det meste av verda utanom USA, og den 19. september 2000 i USA. Han vart òg gjeven ut på XRCD2 i 2000, og for 20-årsjubileet i Super Audio CD-format den 26. juli 2005 og DualDisc-format med DVD-Audio 24 bit/96 kHz den 16. august 2005, remiksa i 5.1 av Chuck Ainlay[11] og vann ein Grammy for beste kringlydalbum.[12]

I 2006 vart ein vinylversjon på halv snøggleik gjeve ut. Han vart mastra av Stan Ricker og bestod av fire sider på 33 1/3 rpm, med heile songane på vinyl for første gongen.

I 2013 vart ein hybrid SACD mastra frå dei originale lydbanda på Mobile Fidelity Sound Lab.

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

«Money for Nothing» var ein av dei mest spelte musikkvideoane på MTV i denne tida. Han er ein av berre to Dire Straits-songar på eit studioalbum som ikkje er skriven av Mark Knopfler – Sting var med på å skrive songen.

«Walk of Life» vart ein stor hit for bandet i 1986 og nådde andreplassen i Storbritannia og sjuandeplassen i USA. Songen vart nesten utelaten frå albumet, men teken med etter at bandet fekk siste ordet over produsent Neil Dorfsman.

På den andre sida av albumet fokuserer tre av songane («Ride Across the River», «The Man's Too Strong» og «Brothers in Arms») på militarisme.

«Ride Across the River» nyttar seg av latinamerikanske bilete, i lag med ei panfløyte på synthesizer, ein reggae-aktig rytme og skumle bakgrunnslydar. «The Man's Too Strong» omhandlar ein gammal soldat (eller krigsforbrytar) og frykta hans for å syne kjensler som ein svakheit. «Brothers in Arms» omhandlar det meiningslause med krig.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Gitaren på omslaget er Mark Knopfler sin National Style 0 Resonator frå 1937. Style 0-merket vart introdusert i 1930 og lagt ned i 1941. Fotografen var Deborah Feingold.[13] Den same gitaren vart nytta, med liknande fargar for eit album i 1989 kalla The Booze Brothers av Brewers Droop. Sjølv om det vart spelt inn i 1973, vart ikkje albumet av Brewers Droop gjeve ut før i 1989, då det vart oppdaga at albumet hadde involvert Dave Edmunds med Pick Withers og Mark Knopfler i besetninga.[14] Baksida av omslaget er eit måleri av den same gitaren, av den tyske kunstnaren Thomas Steyer.

Platemeldingar[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]
Robert Christgau B−[16]
Rolling Stone Mixed[17]

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner, og gjev både musikkvideoen til «Money for Nothing» og Knopfler sin «auka kjensle for å skrive popsongar» som årsaka til den store populariteten albumet oppnådde.[15] Det «uutslettelege gitarriffet» på «Money for Nothing», den fengande, livlege boogien i «Walk of Life», melodiane i «So Far Away» og den Everly Brothers-aktige «Why Worry», den jazzaktige «Your Latest Trick», og den steinharde «Ride Across the River»—Dire Straits hadde «aldri vore så konsis eller poporientert, og det kledde dei bra». Erlewine konkluderte med albumet er «eit av dei mest fokuserte og fullendte albuma deira, og i den fyldige popkjensla, skil det seg ut i katalogen deira».[15]

I meldinga si for Rolling Stone gav Debby Bull albumet middels kritikk, og hylla den «forsiktige utforma» låtskrivinga. «Plata er vakkert produsert, med den fantastiske gitaren til Mark Knopfler i sitt beste lys».[17] Ho fann tekstane bra, men skreiv at temaa «ikkje er så interessante som dei brukte å vere på plater som Making Movies».[17] Trass i produksjonen og dugande bidrag frå gjesteartistar som trommeslagar Omar Hakim og Brecker Brothers, konkluderte Bull med at «musikken manglar den smerten som gjorde dei nylege filmmusikkalbuma til Knopfler, Comfort and Joy og Cal, så mektige».[17]

Robert Christgau gav albumet B–, og skreiv at «den første sida flyttar seg med enkel sjenerøsitet, ikkje ein dyd ein knyt til denne studiogitaristen sin egotripp. Men det er for seint for den gamle bluesguten å suge oss inn i drøvtygginga hans av truløysheita til kvinna det nyttelause i politisk kamp, og «Money for Nothing» er òg ein standard av pophykleri».[16]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

I 1986 vann Brothers in Arms to Grammyprisar og i 1987 årets album på Brit Awards.[5][6] I 2000 plasserte magasinet Q albumet på 51. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[7] I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 351. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[18]

I november 2006 kom albumet på 64. plass i ei australsk undersøking over dei 100 beste albuma.

I juni 2012 var Brothers in Arms det sjuande mestseljande albumet i Storbritannia gjennom tidene, det fjerde mestseljande i Australia, det 18. mestseljande i Frankrike og det 109. bestseljande i USA.[19] I Nederland har albumet framleis rekorden for det albumet som har lege lengst inne på albumlista med 269 veker (ikkje samanhengande).

Den britiske journalisten Robert Sandall skreiv:

« Når ein ser attende no verkar biletet på framsida av Brothers in Arms forbløffande profetisk: den stålgitaren som er på veg opp i skyene - ein skinande 6-strengs rakett utan noko framdriftsmekanisme-som skildrar, betre enn ord kan, kva som skjedde med Dire Straits etter utgjevinga av det femte albumet deira. Fram til sommaren 1985 hadde suksess for dei kome som eit biprodukt av musikken deira. Dei hadde aldri prøvd å bli kjendisar, jage motar eller gå den trygge vegen. Dire Straits hadde vore elska og respektert som eit av dei få banda som heldt på sterke og truverdige lenkjr til dei mangfaldige røtene i rock and roll på ei tid — hugs all den desperate popattityden tidleg i 80-åra? - då røtene ettertrykkeleg ikkje var ein moteriktig stad å vere»[20]  »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD og kassett[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.. 

# Tittel Lengd
1. «So Far Away»   5:12
2. «Money for Nothing» (Mark Knopfler, Sting) 8:26
3. «Walk of Life»   4:12
4. «Your Latest Trick»   6:33
5. «Why Worry»   8:31
6. «Ride Across the River»   6:58
7. «The Man's Too Strong»   4:40
8. «One World»   3:40
9. «Brothers in Arms»   7:00
55:07

LP[endre | endre wikiteksten]

LP-versjonen inneheldt nedkorta songar for at alt skulle få plass på ei enkel plate.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «So Far Away»   3:59
2. «Money for Nothing» (Mark Knopfler, Sting) 7:04
3. «Walk of Life»   4:12
4. «Your Latest Trick»   4:46
5. «Why Worry»   5:22
Side to
# Tittel Lengd
6. «Ride Across the River»   6:58
7. «The Man's Too Strong»   4:40
8. «One World»   3:40
9. «Brothers in Arms»   7:00
47:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Dire Straits
Andre musikarar
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Neil Dorfsman – produsent, lydteknikar
  • Steve Jackson – assisterande lydteknikar
  • Bruce Lampcov – assisterande lydteknikar
  • John Dent – mastering
  • Sutton Cooper – fotografi (omslag)
  • Deborah Feingold – fotografi
  • Thomas Steyer – måleri

Lister[endre | endre wikiteksten]

Brothers in Arms var ein stor salssuksess verda over:

  • I Australia var albumet det bestseljande albumet i 1985 og det nest bestseljande i 1986. Det toppa albumlista i 34 veker (ikkje samanhengande) og er det albumet som har lege nest lengst på toppen av albumlista i Australia.
  • I Nederland braut albumet rekorden for å ligge lengst inne på albumlista med 269 veker.
  • I Storbritannia nådde albumet førsteplassen og låg inne på lista i 228 veker.[21]
  • I USA nådde albumet førsteplassen på Billboard 200 og låg der i ni veker.
  • Albumet toppa òg listene i Austerrike, Belgia, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Hellas, Hong Kong, Island, Irland, Israel, New Zealand, Noreg, Portugal, Spania, Sverige, Sveits, Tyrkia og Jugoslavia.

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australia 1
Austerrike 1
Belgia 1
Canada 1
Nederland 1
Finland 1
Frankrike 1
Tyskland 1
Hellas 1
Irland 1
Israel 1
Italia 4
Noreg 1
New Zealand 1
Portugal 1
Sverige 1
Sveits 1
Tyrkia 1
UK Album Chart 1
US Billboard 200 1

Plass på lister over alle tider[endre | endre wikiteksten]

Land Plassering
Australia 3
Austerrike 14
Nederland 1
Frankrike 18
Noreg 36
New Zealand 9
Sveits 26
UK Album Chart 8

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song US US Rock Australia Austerrike Nederland Frankrike Italia Noreg Sverige Sveits UK
1985 «Money for Nothing» 1 1 4 7 27 34 4
1985 «One World» 8
1985 «So Far Away» 29 22 23 33 4 7 6 20
1985 «Brothers in Arms» 57 59 16
1986 «Walk of Life» 7 6 11 18 20 24 2
1986 «Ride Across the River» 21
1986 «So Far Away» 19
1986 «Your Latest Trick» 1A 26
  • A – nådde førsteplassen i Frankrike i 1993.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Grammyprisen
År Vinnar Kategori
1985 Brothers in Arms Beste lydteknikar, ikkje-klassisk
1985 "Money for Nothing" Beste rockesong av duo eller gruppe med vokal
2006 Brothers in Arms Beste kringlydalbum

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal

Argentina (CAPIF)[22]

Gull 30,000x

Australia (ARIA)[23]

17× Platina 1,190,000^

Austerrike (IFPI Austerrike)[24]

4× Platina 200 000x

Canada (Music Canada)[25]

Diamant 1,000,000^

Finland (Musiikkituottajat)[26]

2× Platina 116,784[26]

Frankrike (SNEP)[27]

Diamant 1,995,300[28]

Tyskland (BVMI)[29]

Platina 500 000^

Hong Kong (IFPI Hong Kong)[30]

Platina 20 000*

New Zealand (RMNZ)[31]

24× Platina 360 000^
Spania(PROMUSICAE)[32] Platina 100 000^

Sverige (GLF)[33]

Gull 50 000^

Sveits(IFPI Switzerland)[34]

6× Platina 300 000x

Storbritannia (BPI)[35]

13× Platina 4,155,000[36]

USA (RIAA)[37]

9× Platina 9 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. I følgje eit intervju med Sound on Sound i 2006 med medprodusent/lydteknikar på albumet, Neil Dorfsman, vart ikkje spelinga til Terry Williams, då permanent trommeslagar i bandet, funnen høvande for den stilen dei ønskte på albumet under den første månaden av innspelinga. Han vart derfor for ei kort stund erstatta av ein av dei mest populære jazz-trommeslagarane på den tida, Omar Hakim, som spelte inn trommene for heile albumet på to dagar og så drog. Det einaste bidraget til Terry Williams er det improviserte crescendoet i byrjinga av «Money for Nothing». Alle andre stader er det Hakim som spelar, sjølv om Williams var attende i bandet for musikkvideoar og turnéen.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brothers in Arms». RIAA. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?content_selector=gold-platinum-searchable-database. Henta 21. oktober 2014. 
  2. Lane, Dan (28. februar 2012). «Adele overtakes Michael Jackson...». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/chart-news/adele-overtakes-michael-jackson-in-all-time-biggest-selling-albums-chart907/. Henta 21. oktober 2014. 
  3. Queen head all-time sales chart, 16 November 2006, http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/6151050.stm, henta 21. oktober 2014 
  4. Mark Knopfler hurt in crash, 18 March 2003, http://news.bbc.co.uk/2/hi/entertainment/2859527.stm, henta 21. oktober 2014 
  5. 5,0 5,1 «Winners», Awards, Grammy, http://www.grammy.com/GRAMMY_Awards/Winners/Results.aspx?title=&winner=Dire%20Straits&year=0&genreID=0&hp=1, henta 14. september 2014 
  6. 6,0 6,1 «1987», Awards, UK: Brit, http://www.brits.co.uk/history/shows/1987, henta 14. september 2014 
  7. 7,0 7,1 The 100 Greatest British Album Ever«Lists», Q Magazine (UK), http://www.rocklistmusic.co.uk/qlists.html#fuckme, henta 14. september 2014 
  8. Brothers in Arms (booklet). Dire Straits. Warner Bros. Records. 1985. s. 5. 947773-2. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Buskin, Richard (May 2006). «Classic Tracks: Dire Straits 'Money For Nothing'». Sound on Sound. http://www.soundonsound.com/sos/may06/articles/classictracks_0506.htm. Henta 21. oktober 2014. 
  10. «It was 20 — or maybe not — years ago today». Arkivert frå originalen den 10 June 2007. http://web.archive.org/web/20070610095613/http://rykodisc.com/RykoInternal/20years/page_03.asp. Henta 21. oktober 2014. 
  11. «High Fidelity Review - Interview with Chuck Ainlay, who remixed album in 5.1». Arkivert frå originalen den 10 June 2008. http://web.archive.org/web/20080610132806/http://www.highfidelityreview.com/features/brothers_in_arms_01.asp. Henta 21. oktober 2014. 
  12. Billboard 18 Feb 2006 Billboard Henta: 14. september 2014.
  13. «Dire Straits/Brothers in Arms». BBC. http://www.bbc.co.uk/music/reviews/86rg.mp. Henta 8 December 2011. 
  14. The Guinness Encyclopedia of Popular Music, ISBN 0-85112-939-0
  15. 15,0 15,1 15,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Brothers in Arms». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/brothers-in-arms-mw0000650079. Henta 21. oktober 2014. 
  16. 16,0 16,1 Christgau, Robert. «Dire Straits». Robert Christgau. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=dire+straits. Henta 21. oktober 2014. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Bull, Debby (4. juli 1985). «Dire Straits: Brothers in Arms». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/brothers-in-arms-19850704. Henta 21. oktober 2014. 
  18. 500 Greatest Album of All Time Brothers in Arms – Dire Straits«Lists», Rolling Stone, http://www.rollingstone.com/music/lists/500-greatest-albums-of-all-time-19691231/brothers-in-arms-dire-straits-19691231, henta 14. september 2014 
  19. «Top 100 Album». Gold & platinum. RIAA. 2012. http://www.riaa.com/goldandplatinum.php?content_selector=top-100-albums. Henta 24 March 2012. 
  20. CD-omslaget til 1996-utgåva av albumet. Henta 22. oktober 2014.
  21. «Chart Stats - Dire Straits - Brothers In Arms». Archive.is. http://www.chartstats.com/albuminfo.php?id=5972. Henta 21. oktober 2014. 
  22. «Argentinian album salstrofé – Dire Straits – Brothers in Arms». Argentine Chamber of Phonograms and Videograms Producers. http://www.capif.org.ar/Default.asp?PerDesde_MM=0&PerDesde_AA=0&PerHasta_MM=0&PerHasta_AA=0&interprete=Dire+Straits&album=Brothers+in+Arms&LanDesde_MM=0&LanDesde_AA=0&LanHasta_MM=0&LanHasta_AA=0&Galardon=O&Tipo=1&ACCION2=+Buscar+&ACCION=Buscar&CO=5&CODOP=ESOP. 
  23. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. http://www.aria.com.au/pages/httpwww.aria.com.aupagesARIACharts-Accreditations-2009Albums.htm. 
  24. «Austrian album salstrofé – Dire Straits – Brothers in Arms» (på German). IFPI Austerrike. http://www.ifpi.at/?section=goldplatin.  Enter Dire Straits in the field Interpret. Enter Brothers in Arms in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  25. «Canadian album salstrofé – Dire Straits – Brothers in Arms». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Brothers+in+Arms%22%20%22Dire+Straits%22. 
  26. 26,0 26,1 The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  27. «French album salstrofé – Dire Straits – Brothers in Arms» (på French). InfoDisc. http://www.infodisc.fr/Certif_Album.php.  Select DIRE STRAITS and click OK
  28. «Les Albums Diamant :» (på French). Infodisc.fr. http://www.infodisc.fr/CDCertif_D.php?debut=39. Henta 9 May 2012. 
  29. «Gold-/Platin-Datenbank (Dire Straits; 'Brothers in Arms')» (på German). Bundesverband Musikindustrie. http://www.musikindustrie.de/gold_platin_datenbank/?action=suche&strTitel=Brothers+in+Arms&strInterpret=Dire+Straits&strTtArt=alben&strAwards=checked. 
  30. «IFPIHK Gold Disc Award − 1988». IFPI Hong Kong. http://www.ifpihk.org/www_1/go9e.php. 
  31. Scapolo, Dean (2007). The Complete New Zealand Music Charts 1966-2006. Recording Industry Association of New Zealand. ISBN 978-1-877443-00-8. 
  32. «Sólo Éxitos 1959-2002 Año A Año: Certificados 1979-1990». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. http://www.mediafire.com/view/x263f6daopkswo8. 
  33. «Guld- och Platinacertifikat − År 2002» (på Swedish) (PDF). IFPI Sweden. http://www.ifpi.se/wp-content/uploads/ar-20021.pdf. 
  34. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Dire Straits; 'Brothers In Arms')». Hung Medien. http://www.swisscharts.com/search_certifications.asp?search=Dire+Straits+Brothers+In+Arms. 
  35. «British album salstrofé – Dido – Brothers in Arms». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter Brothers in Arms in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  36. «Adele overtakes Dire Straits to become UK's sixth biggest selling album of all-time». London: Official Charts Company. 23 March 2012. Arkivert frå originalen den 4 May 2012. http://www.officialcharts.com/chart-news/adeles-21-is-now-the-uks-sixth-biggest-selling-album-of-all-time-1214/. Henta 10 April 2012. 
  37. «American album salstrofé – Dire Straits – Brothers in Arms». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Brothers+in+Arms%22.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]