Riksadvokat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I Noreg er riksadvokaten den øvste leiaren for påtalemakta og er berre underlagt Kongen i statsråd. Noreg sin riksadvokat sidan 1997 er Tor-Aksel Busch. I nokre land vert riksadvokaten ofte kalla for generaladvokat (eng: attorney-general; tysk: generalbundesanwalt).

Riksadvokaten er dagleg leiar for påtalemakta. Han avgjer einskildsaker, handsamar klagesaker, og opptrer stundom som påklagar i straffesaker for domstolane, særleg når viktige prinsippielle spørsmål skal handsamast i Høgsterett. Rundskriv og direktiv frå riksadvokaten er styrande for statsadvokatar og politiadvokatar.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.