Riksadvokat
Utsjånad
I Noreg er riksadvokaten den øvste leiaren for påtalemakta og er berre underlagt Kongen i statsråd. Noreg sin riksadvokat er Jørn Sigurd Maurud (2019). I nokre land vert riksadvokaten ofte kalla for generaladvokat (eng: attorney-general; tysk: generalbundesanwalt).
Riksadvokaten er dagleg leiar for påtalemakta. Han avgjer einskildsaker, handsamar klagesaker, og opptrer stundom som påklagar i straffesaker for domstolane, særleg når viktige prinsippielle spørsmål skal handsamast i Høgsterett. Rundskriv og direktiv frå riksadvokaten er styrande for statsadvokatar og politiadvokatar.