Rila nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 42°10′0″ N 23°34′0″ E

Rila nasjonalpark
nasjonalpark
CentrlRilaReservation.jpg
Panoramabilete av Rilafjella, eitt av dei prominente trekka ved parken.
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Areal 810 46 km²
Oppretta 1992
Wikimedia Commons: Rila National Park
Nettstad: http://rilanationalpark.bg/en/

Rila nasjonalpark (bulgarsk: Национален парк „Рила“) er den største nasjonalparken i Bulgaria, med eit areal på 810,46 km² i fjellkjeda Rila sørvest i landet. Han vart oppretta 24. februar 1992 for å verne fleire nasjonalt viktige økosystem. Høgda i parken varierer frå 800 moh. nær Blagoevgrad til 2 925 moh. på fjelltoppen Musala, som er det høgste fjellet på Balkan. Det er 120 bresjøar i parken, mellom dei dei prominente Rilasjøane. Mange elver har opphavet sitt i i parken, mellom dei Maritsa, som er den lengste elva på Balkan, og Iskăr, som er den lengste elva i Bulgaria.

Nasjonalparken ligg i fire av dei 28 oblastane i Bulgaria: Sofia, Kjustendil, Blagoevgrad og Pazardzjik.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]