Ringmur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ytre og indre ringmur på krossfararfestningen Krak de Chevaliers.
Beaumaris CastleAnglesey i Nord-Wales med ringmurar mellom dei lågare ytre tårna, og høgare indre ringmurar mellom dei høgare indre tårna.

Ringmur (eller kurtinmur frå fransk courtine, 'gardin') er ein mur som normalt er svært tjukk og som strekker seg rundt ein festning og vernar om borggarden. Ein festning kan ha fleire ringmurar utanfor kvarandre, og det er også vanleg med ei vollgrav og eventuelt skansar utanfor muren.

Dei eldste ringmurane var berre enkle murar der forsvararar kunne stå på toppen og skyta eller hiva ting mot angriparar. Effekten blei forsterka av at ein byrja å bygga tårn i ringmuren. Desse gav betre evne til å gjera motstand under angrep, både ved at ein kunne plassera fleire forsvararar på muren, at desse blei verna bettre ved at dei kom høygae opp, og ved at ein kunne plassere tyngre skyts på tårna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]