Rio de Las Piedras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rio de Las Piedras
elv
Río Tacuatimanu.jpg
Land Flag of Peru.svg Peru
Renn gjennom San Rafael, Puerto Maldonado
Sideelvar Lidia Pariamanu
Lengd 621 km
Kjelde Tacuatimanu, nær Alto Purús
Munning Madre de Dios
 - høgd 180 moh.

Rio de Las Piedras, òg kalla Tacuatimanu, er ei elv lengst søraust i Peru og ei bielv til Madre de Dios. I heile lengda på 621 km renn ho gjennom regionen Madre de Dios.

Elva blir fødd i eit område kalla Tacuatimanu som dannar vasskilljet mot Urubamba og elva Alto Purús. Dette er relativt lågtliggande. Ho renn i retning søraust gjennom særs tynt busette område av Amazonasbassenget til ho møter Madre de Dios ved Puerto Maldonado. Ho får tilførsel frå sideelver i nord som strekkjer seg like til Manu nasjonalpark, kjent for sin store biodiversitet. Største sideelva er Lidia Pariamanu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]