Risør kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°43′16.223″N 9°13′52.543″E

Risør kyrkje
kyrkje
Kirka risor.jpg
Risør kyrkje
Foto: Christian Ellingsgård
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Aust-Nedenes
Sokn Risør
Fellesråd Risør
Type krosskyrkje
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 1647
 - Endringar Rest. 1721, 1733, 1739, 1848, 1855, 1880, 1928, 2005–06
Klokker 2, Jacob Rendler, 1751
Kyrkjegard Nedlagt
Preikestol Christopher Ridder
Døypefont Torsten Hoff, 1753
Altartavle Ramme av Christopher Ridder, nattverdsbilete måla av Rubens-elev
Orgel Jan Erik Spigseth 1985 (omintonert av Bruno Christensen 2005)
Sitjeplassar 450
Wikimedia Commons: Risør kirke

Risør kyrkje er ei krosskyrkje i Risør kommune i Aust-Agder.

Kyrkja vart innvigd som Den hellige ånds kirke i 1647. Ho var i byrjinga prega av barokk stil, men endra i løpet av 1700-talet karakter til rokokko gjennom ei rekkje ombyggingar og ominnreiingar. Tårnet er frå 1733 og sakristiet frå 1739. Også på 1800-talet vart det uført mykje arbeid i kyrkja, og interiøret slik det no framstår, er eit resultat av ei restaurering i 1928. Kyrkja er freda.

Kyrkjerommet er stemningsfullt med sine galleri og lukka stolar, med måleri på himlingen og galleribrystningane. Risør kyrkje står som eit minnesmerke over ei anna tid og er ei populær konsertkyrkje, ikkje minst under Risør kammermusikkfest.

På kyrkjegarden attmed kyrkja finn ein nokre gamle gravminne, men kyrkjegarden for Risør by er ved kapellet, nokre hundre meter frå kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]