Riuwaka-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Riuwaka
elv
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Tasman
Sideelvar Jordan River
Lengd Om lag 20 km
Kjelde Samanløpet av nordre og søndre Riwaka41°2′54″S 172°55′27″E
Munning Ved Riwaka i Golden Bay41°3′53″S 173°0′8″E

Riwaka River
41°4′0″ S 173°0′0″ E

Riuwaka-elva ligg i regionen Nelson, nordvest på SørøyaNew Zealand.[1][2] Ho renn i 20 km før ho munnar ut i Tasman Bay, nær byen Riwaka, 10 km nord for Motueka.

Elvedalane til Riuwaka aog den nærliggjande Takaka River dannar delar av fjellpasset der den einaste vegen mellom Tasman Bay og Golden Bay går.

Delar av elveløpet går under jorda gjennom sandsteinsgrotter, og kjem opp att i dagen ved The Riwaka Resurgence. Denne staden er populær både blant turoperatørar og dykkarar, fordi vatnet alltid er krystallklårt, og heller kjølig, til og med midtsommars[3].

Namnet på elva blei tidlegare skrive «Riwaka». Skrivemåten blei endra i 2014.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Place Name Detail Riwaka River». New Zealand Geographic Placenames Database. 31. oktober 2008. Henta 2. januar 2013. 
  2. Basher, L.R. «The Motueka and Riwaka Catchments» (PDF). Land Research New Zealand. Henta 2. januar 2013. 
  3. The Riwaka Resurgence, Motueka Online, henta 2 januar 2013 
  4. «Riwaka River», New Zealand Gazetteer: Search for Place Names 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°3′53″S 173°00′8″E