Roar Amdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roar Amdam
Fødd 7. juli 1951 (72 år)

Roar Amdam (fødd 7. juli 1951) er ein norsk akademikar.

Amdam vart fødd i Ørskog kommune og busette seg seinare i Volda kommune. Han blei cand. agric. i 1977 og dr. agric i 1998 ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Han har vore planleggar i Sande kommune og konsulent i høgskulesystemet. Han har vore tilsett som forskar og forskingsleiar ved Møreforsking i ein tiårsperiode. Han blei tilsett ved Høgskulen i Volda i 1993 som førsteamanuensis i samfunns- og organisasjonsutvikling og som professor i planlegging og leiing i 2002. Han har bygt opp og leiar no masterprogrammet i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda og underviser i regional planlegging og offentleg organisering og leiing på dette programmet. Han har vore gjesteforskar i eitt år ved Southern Cross University, Lismore Australia. Han har erfaring frå mange forskings- og utviklingsarbeid innanfor kommuneplanlegging, samt lokal- og regionalforsking. Han er mest kjend for bidraga sine til å utvikle planlegging som ein kapasitetsbyggande og legitimerande prosess innanfor reguleringsstaten.

Roar Amdam er bror til professor Jørgen Amdam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]