Robben Island
Robben Island | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Liberation Heritage Route | ||
![]() Robben Island | |||
Wikimedia Commons: Robben Island | |||
| |
Land | Sør-Afrika |
---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 23. sesjon i 1999. Referansenr. 916. |
Kriterium: | (III)(VI) |
Sjå òg | Verdsarvstader i Afrika |
Bakgrunnsstoff | Robben Island ved unesco.org |
Robben Island, afrikaans Robbeneiland, er ei sørafrikansk øy som ligg i Table Bay , 12 km utanfor kysten av Cape Town. Ho er 5,7 km² stor. Øya var tidlegare ei fangeøy, men er i dag eit minnsmerke og eit populært turistmål
Ordet Robben i namnet kjem frå nederlandsk og tyder 'sel'. Tidlegare vann ein ut selolje i området.[1]
Sidan 1600-talet og fram til 1991 blei øya brukt som fangeøy nesten utan avbrot. Tidvis sende ein også spedalske og sinnslidande til øya. Frå 1961 var det særleg motstandarar mot apartheid-regimet som blei sende hit. Nelson Mandela var fange her frå 1964 til 1982. Frå 1996 har øya vore eit museum og minnesmerke for kampen mot apartheid. I 1999 blei øya teken med på UNESCO si liste over verdsarv.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «MARITIME CULTURAL HERITAGE 1611 - 1611». robben-island.org.za. 8. september 2018.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Robben Island» frå Wikipedia på bokmål, den 8. september 2018.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Robben Island Museum
Denne geografiartikkelen som har med historie og Sør-Afrika å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.