Robert Kirby
Utsjånad
| Robert Kirby | |||
| | |||
| Fødd | 16. april 1948 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Bishop's Stortford | ||
| Død | 3. oktober 2009 (61 år) | ||
| Opphav | Storbritannia | ||
| Aktiv | 2009–2009 | ||
| Sjanger | folkrock | ||
| Instrument | tangentinstrument | ||
| Plateselskap | A&M Records | ||
| Verka som | komponist | ||
Robert Kirby (16. april 1948–3. oktober 2009) var ein britisk strengarrangør og musikar innan Rock og folkemusikk. Han er mest kjend for å ha medverka på Nick Drake-albuma Five Leaves Left og Bryter Layter, men har også arbeidd med Ralph McTell, Paul Weller og Elvis Costello.
Konsert til ære for Nick Drake
[endre | endre wikiteksten]2. juli 2005 heldt Kirby ein konsert i Central Park i New York der han framførte 18 av Nick Drakes songar, med dei originale arrangementa. Five Leaves Left blei framført i heilheit, i tillegg til utdrag av Bryter Later og Made to Love Magic. Med seg hadde han gitaristen Josh Max og songaren Julie James frå New York-gruppa The Maxes. Konserten hadde over 3000 tilskodarar med Nick Drake-fans frå heile USA.