Robert Musil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Musil
Robert Musil 1900.jpg
Fødd 6. november 1880
Klagenfurt
Død

15. april 1942
Genève

Robert Musil på Commons

Robert Musil[1] (fødd 6. november 1880 i Klagenfurt, daud 15. april 1942 i Genève) var ein austerrikisk forfattar og teaterkritikar.

Grafitti på Musilhaus i Klagenfurt.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Musil fekk stor suksess med det første verket sitt, Die Verwirrungen des Zöglings Törless (1906), men han etablerte seg ikkje som fri forfattar før i 1918. Han fekk i 1923 Kleist-Preis for skodespelet Die Schwärmer (1921), men det blei elles møtt med liten entusiasme. Det andre stykket hans, komedien Vinzenz und die Freundin bedeutender Männer (1924), fekk mykje større suksess.[2]

Det mest kjende verket til Musil er det uferdige trebindsverket Der Mann ohne Eigenschaften, ein av dei viktigaste romanane innan modernismen. Det første bindet kom i 1930 og fekk god omtale, men selde dårleg og Musil sin økonomi var skral resten av livet. Temaet for verket er det moralske og intellektuelle forfallet i Austerrikske-Ungarn. Handlingane utspelar seg i Wien i tida rett før utbrotet av den første verdskrigen. Musil brukte det ironiske namnet «Kakanien» på det austerrikiske dobbeltmonarkiet, dei to k'ane tok han frå forkortinga «k. k.» som står for kaiserlich-königlich. Han starta opp arbeidet i 1921 og etter kvart blei det det einaste litterære prosjektet hans. Det var framleis uferdig då han brått døydde i 1942.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1906 Die Verwirrungen des Zöglings Törless (Unge Tørless, 1963. Omsetjing til norsk av Lotte Holmboe)
  • 1911 Vereinigungen
  • 1921 Die Schwärmer
  • 1924 Vinzenz und die Freundin bedeutender Männer
  • 1924 Drei Frauen
  • 1936 Nachlass zu Lebzeiten (Fra en levende forfatters efterlatte papirer, 1998. Solum Forlag A/S, omsetjing til norsk av Ole Michael Selberg)
  • 1937 Über die Dummheit
  • 1930, 1933, 1943 Der Mann ohne Eigenschaften (Mannen uten egenskaper 1990-1993. Solum Forlag A/S, omsetjing til norsk av Ole Michael Selberg)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 22. oktober 1917 fekk faren til Musil den arvelege adelstittelen Edler von og i den korte tida fram til 3. april 1919 då adelen blei oppheva ved lov og det blei forbode å bere adelstitlar, var Musil sitt fulle namn Robert Edler von Musil.
  2. Große Österreicher, Verlag Carl Ueberreuter, redaktør og forfattar Thomas Chorherr

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Robert Musil