Robert Sjavlakadze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Sjavlakadze
Robert Shavlakadze 1960.jpg
Robert Sjavlakadze under Sommar-OL 1960
Fødd 1. april 1933
Tbilisi
Yrke friidrettsutøvar
Robert Sjavlakadze på Commons

Robert Mikhajlovitsj Sjavlakadze, {{georgisk:რობერტ შავლაყაძე}}; russisk Роберт Михайлович Шавлакадзе (fødd 1. april 1933) er ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Tbilisi, som konkurrerte i høgdehopp og vart olympisk meister i øvinga i 1960.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sjavlakadze sin personlege rekord i høgdehopp var på 2,13 m føre sommarleikane i 1960. I den olympiske finalen i Roma tok han leiinga då han gjekk over 2,14 m i fyrste forsøk. Etter overraskande å ha svinga seg over også neste høgda, 2,16 meter i fyrste forsøk, ny olympisk rekord, tok han den olympiske gullmedaljen. Han vann framom landsmannen Valerij Brumel som også klarte 2,16 m, men fyrst i andre forsøk. Bronsemedaljen gjekk til John Thomas fra USA med 2,14 m.

Under EM 1962 fekk Sjavlakadze bronsemedaljen, etter å ha stoppa på 2,09 m. Sjavlakadzes sin personlege rekord på 2,17 m vart sett i 1964. Under OL 1964 i Tokyo kom han på femte plass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott 61.
  • Friidrott 65.