Roberts randis
Roberts randis | |||
randis | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°0′S 70°20′W / 69.000°S 70.333°W | ||
Lengd | 37 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Roberts randis 69°00′00″S 70°20′00″W / 69°S 70.3333°W | |||
Roberts randis er ein stor randis, som er 37 km lang frå nord til sør og 28 km brei, og som ligg nord og nordvest for Mount Calais og dekkjer det meste av det nordaustlege hjørnet på Aleksanderøya i Antarktis. Han vart oppdaga frå avstand og grovt kartlagt av Den franske antarktisekspedisjonen i 1908–10, under Charcot. Han vart fotografert frå lufta av British Graham Land Expedition (BGLE) den 15. august 1936, og grovt kartlagt frå desse bileta. Han vart då namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1955 etter Brian B. Roberts (1912–78), ein britisk ornitolog, polarspesialist og ein leiande person i utvikla av nomenklatur i Antarktis. Han var ornitolog i BGLE frå 1934–37; og så sekretær i UK Antarctic Place-names Committee, 1945-74. Kring seks nunatakar ligg innanfor Roberts forlandsbre. Desse er Hengist Nunatak (ein eigen nunatak) og Horsa Nunataks (ei gruppe på fem nunatakar). Begge av desse er kalla opp etter saksiske kongar i England på 400-talet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Roberts Ice Piedmont» (innhald frå Geographic Names Information System).