Rockbridge County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rockbridge County
county i USA
Bikers walk beneath arch with creek in foreground natural bridge state park2 (30710948161).jpg
Natural Bridge i Rockbridge, som countyet har namn etter
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Virginia

Rockbridge County
37°49′ N 79°27′ W
Wikimedia Commons: Rockbridge County, Virginia

Rockbridge County er eit county i den amerikanske delstaten Virginia. Ved folketeljinga i 2010 hadde det eit folketal på 22 307.[1] Administrasjonsstaden og den største byen i fylket er Lexington.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maple Hall, antebellumhus i Rockbridge County nord foe Lexington.

Rockbridge County blei skipa i oktober 1777 av delar av Augusta og Botetourt, som no er nabocounty. Det fekk namn etter steinformasjonen Natural Bridge, eit landemerke i sørdelen av countyet.

Countyet blei skipa for å redusera reisetida til den næraste domstolen, for å sikra rettvise rettsakar haldne blant kjentfolk. Det fyrste rettsmøtet i Rockbridge County blei halde heime hjå Samuel Wallace den 7. april 1778. Det var færre slavar i Rockbridge County enn i mange andre delar av Virginia, og motstanden mot slaveriet var dermed sterkare her enn elles. Til dømes var fleire medlemmar av fakultetet ved Washington College (no Washington and Lee University) sterke slaverimotstandarar. Mange av dei rikaste innbyggjarane i Rockbridge County var likevel slaveeigarar som testamenterte slavane til enkjene og barna sine.[3]

Cyrus McCormick fann opp sjølvavleggaren i nærleiken av Steele's Tavern nord i countyet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «State & County QuickFacts». US Census Bureau. Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 5. januar 2014. 
  2. «Find a County». National Association of Counties. Arkivert frå originalen 31. mai 2011. Henta 7. juni 2011. 
  3. Sjå t.d. Alfred L. Brophy & Douglas Thie, "'Land, Slaves, and Bonds': Trust and Probate in the Pre-Civil War Shenandoah Valley," West Virginia Law Review vol. 119 (2016):345. Arkivert 8. februar 2018 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Rockbridge County