County i USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartet viser dei amerikanske delstatane oppdelt i county

Eit county i USA er ei administrativ geografisk eining i delstatane. Eit county kan samanliknast med eit norsk fylke. I 48 av delstatane nyttar ein nemninga county, men Louisiana og Alaska nyttar parish og borough (sokn). Vidare blir alt nemnt som fylke.

Til saman er det 3086 fylke i alle delstatane, med eit gjennomsnitt på 62 fylke per delstat. I nokre av delstatane blir einskilde byar rekna for å stå utanfor fylka, dette gjeld spesielt Virginia med 39 uavhengige byar, men og Baltimore i Maryland og Saint Louis i Missouri er uavhengige. Inkludert desse er det 3141 fylke og tilsvarande einingar. Flest fylke har Texas, med 254, og færrast har Delaware, med tre fylke.

Funksjonen til fylka varierer frå delstat til delstat. I nokre av delstatane har fylka liten betydning utanom å vere geografiske område. I andre delstatar har dei ei svært viktig oppgåve i lokalpolitikken. Fylka har ofte ansvaret for skolar og fleire offentlege tenester. I USA er det òg svært vanleg at skolane blir drivne av eigne skoledistrikt. Desse distrikta er oftast samanfallande i storleik med fylka, men er eigne styresmakter med rett til å ilegge skattar. Byar er ofte heilt eller delvis unntatt frå fylka sin styringsrett. Det gjev seg utslag i ulikt nivå på offentlege velferdstilbod innanfor og utanfor bygrensene.

Det folkerikaste fylket i USA, Los Angeles County i California, har meir enn ti millionar innbyggarar,[1] eit høgare folketal enn 41 av delstatane i USA. Det nest folkerikaste fylket er Cook County i Illinois med eit folketal på litt over fem millionar.[1] Fylket med færrast folk som likevel har permanent busetnad er Kalawao County i Hawaii, med 86 innbyggjarar i 2019.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

County har ofte namn etter folk, landformer, stader i andre land eller delstatar og dyr. Ganske mange av dei har namn som stammar frå urfolksspråk, fransk eller spansk.[2] Det er vanlegast å ha namn etter folk, ofte politiske figurarar eller nybyggjarar. Det vanlegaste county-namnet er Washington County, som er brukt 31 gonger, og har namn etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Jefferson County med namn etter Thomas Jefferson er nest vanlegast og er brukt 26 gonger. Dei vanlegaste namna for county som ikkje er oppkalla etter ein president er Franklin (25), Clay (18) og Montgomery (18).

Etter folk er den vanlegaste namnekjelda for county geografiske landformer eller plasseringar. Dei kan også kallast opp etter fylke i andre delstatar, eller etter stader i land som Storbritannia. Det vanlegaste geografi-inspirerte namnet er Lake. Ord frå urfolksspråk og namn på urfolksleiarar og stammar har også gjeve namn til fleire fylke.[3] Ganske mange namn kan også stamma frå ransk eller spansk, som Marquette County etter den franske misjonæren Jacques Marquette.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «American FactFinder». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta December 27, 2016. 
  2. 2,0 2,1 Kane, Joseph Nathan; Aiken, Charles Curry (2004). The American Counties: Origins of County Names, Dates of Creation, and Population Data, 1950-2000. Scarecrow Press. s. vii-xii. ISBN 978-0-8108-5036-1. 
  3. Bright, William (2004). Native American Placenames of the United States. Norman: University of Oklahoma Press. ISBN 080613576X