Sjølvavleggar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Champion sjølvavleggar (brosjyre frå 1875). Maskina vert driven frå køyrehjulet på venstre side.
Kornbanda blir sette til tørk.

Sjølvavleggar er ei jordbruksmaskin som slår kornet, samlar det og legg det på marka, i høveleg store buntar for å binda band av. Dei batt ikkje buntane saman til band, slik som dei seinare sjølvbindarane gjorde.

Ettersom sjølvavleggarane berre kuttar av aksa og legg dei ned på åkeren kan ein få inntrykk av at dei var ei vidareutvikling av slåmaskiner, men utviklingsrekkefylgja var den motsette. Dei fyrste skjereapparata var utvikla for å skjera av kornaks og høvde ikkje for gras. Fyrst då det vart utvikla betre knivbjelkar vart det mogleg å laga slåmaskinar for gras[1].

At ein slapp å skjera eller slå kornet førte til at innhaustinga gjekk mykje fortare, noko som gjorde det mogleg å hausta åkeren i rett tid. Der det var ustabile vêrtilhøve kunne ein slik få kornet i hus før det vart øydelagt av regn. Men kornet måtte framleis bindast og settast til tørk (på den nordamerikanske prærien, der sjølvavleggarar fyrst kom i bruk vart ikkje banda sette på staur). Det trongst fire-fem personar for å binda og setta banda til tørk[2]. Så det var framleis mykje manuelt arbeid forbunde med skuronna.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Skjerebordet[endre | endre wikiteksten]

Sjølvavleggar av kvadranttypen. Ein ser knivbjelken, den kvartsirkelforma kvadranten og vengjene.

Skjerebordet, som var sett saman av ein knivbjelke og ein haspel eller avleggarvengjer stakk ut på sida av maskina. Arbeidsbreidda var omlag 1,6 m for to-hestars maskinar og ca. 2 m for maskinar mynta på tre hestar[3]. Tidlege maskiner hadde ein sakte roterande haspel, som la alle aksa i same retning, på ei plattform. På den sida av skjærebordet som snur inn mot den uslegne åkeren er det ein aksskiljar som skil kornet som blir slege frå det som skal stå att. Innstillinga av denne er spesielt viktig når det er overhengande aks og når aksa er filtra inn i kvarandre, som dei ofte er når det er legde i åkeren.

Drift[endre | endre wikiteksten]

Sjølvavleggarane vart dregne av hestar, så knivbjelken, haspelen/vengjane vart drivne frå eit sokalla «kjørehjul», som hadde ein diameter på rundt 90 cm[3]. På den andre sida av skjereapparatet var det eit hjul som var ca. halvparten så stort, for å halda avstanden mellom knivbjelken og marka konstant. Sjølvavleggarane vart ikkje tilpassa traktordrift, på grunn av at då traktorar med kraftuttak vart vanlege i jordbruket hadde sjølvbindarane teke over for sjølvavleggarane. Dette hindra ikkje at dei kunne trekkjast av ein traktor, men dei vart likevel drivne frå køyrehjulet.

Avlegging[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen handlar om utviklinga av sjølvavleggaren, og skildrar dei ulike utviklingstrinna. Dei fyrste eksperimenta med slike maskinar tok til rundt 1800, men det tok omlag 50 år før det vart laga maskinar som ein kan kalla sjølvavleggarar, dvs. maskinar som sler kornet og legg det av i buntar av høveleg storleik for å binda band av.

På tidlege maskinar gjekk det ein mann attmed maskina med ei rive og raka høvelege store kornbuntar ned på marka. Desse tidlege maskinene var difor ikkje eigentlege «sjølavleggarar», men dei var eit viktig steg på utviklinga mot maskiner som sjølve samla kornet i buntar av høveleg storleik for eit kornband.

Histori[endre | endre wikiteksten]

Tidlege maskinar med roterande skjæreorgan[endre | endre wikiteksten]

Mange tidlege maskinar hadde ei eller anna form for roterande skjereorgan, ofte kalla «roterande ljå». I 1799 fekk engelskmannen Joseph Boyce patent (nr 2320) på ei hestedregen slåmaskin for korn, som hadde ein loddrett aksling med 6 knivar som skar av aksa[1][4]. I 1799 vart ei maskin med roterande knivar skildra i Walkers Philosopht, utan å nemna namnet til oppfinnaren[1]. I 1814 demonstrerte ein annan engelskmann ei maskin som òg hadde roterande skjereorgan[1]. I 1811 eksperimenterte skotten James Smith med ei maskin som hadde ein roterande sylinder, med knivar i nedre enden. Sylinderen var kledd med tøy, for å skapa friksjon, slik at aksa vart ført til sida og lagt ned på åkeren. I 1815 laga han ein forbetra versjon, som det vart hevda kunne slå 0,4 hektar per time[1]. Maskinane til Smith hadde den roterande trommelen midt på og måtte skuvast for å ikkje tråkka ned kornet[1]. Ein annan skotte, som heite Kerr og budde i Edinburgh, laga òg ei maskin i 1811, som hadde roterande skjereorgan og ein roterande trommel som la aksa ut til sida[1]. Denne maskina vart òg skuva av hestane. Joseph Mann konstruerte ei maskin i 1820 og ein forbetra versjon i 1832, med eit roterande knivhjule plassert på høgre side[1], slik at maskina kunne trekkast av hestane utan å tråkka ned åkeren. Dette gjorde maskina enklare å bruka, men ein laut då slå fyrste skåren med ljå eller sigd.

På andre sida av Atlanterhavet eksperimenterte French og Hawkins med ei maskin i 1803. I 1809 tok Robert McCormick i Rockbridge County i Virginia til å eksperimentera med ei maskin med roterande skjereorgan, men då han i 1816 demonstrerte maskina vart det ein fiasko[1]. Han heldt likevel fram med eksperimenta sine heilt til 1831 før han gav opp. I 1822 konstruerte Jeremiah Bailey ei maskin med roterande skjereorgan i Pennsylvania[1] og i 1825 laga Ted Eyck ei maskin med ein roterande sylinder[1]. Desse tidlege maskinene var av eksperimentell karakter og fekk ikkje noko praktisk tyding.

Tidlege maskinar med sakser som klypte av aksa[endre | endre wikiteksten]

Engelskmannen Robert Meares fekk i 1800 patent (nr 2400) på eit skjereorgan med fingrar som klypte av aksa med sakser, men det er ikkje kjend om han bygde ei maskin som nytta dette prinsippet. I Denwick i Northumberland konstruerte John Common ei maskin som òg arbeidde etter dette prinsippet. I 1907 bygde Salmon i Woburn ei maskin med eit skjereorgan med fingrar som skilde aksa i små buntar, som så vart klypte av med sakser. Blada på den eine sida av saksene sto fast, medan blada på hi sida vart opna og lukka av ei tvergåande stong i bakkant[1]. Denne stonga vart i sin tur driven med tannhjulsoverføring frå eit hjul som rulla på bakken. Salmon bygde ein modell av maskina, som han demonstrerte i ein havreåker. Det er ikkje kjend at nokon av desse «klyppemaskinane» utførte nyttig arbeid.

Maskina til Ogle[endre | endre wikiteksten]

Teikning av maskina til Henry Ogle, frå 1822.

I 1822 bygde engelskmannen Henry Ogle ei maskin, med eit skjerebord plassert på høgre side av maskina[5]. Maskina hadde den føremonen at hestane gjekk på den delen av åkeren der kornet var slege, og dei trekte maskina, i staden for å skuva ho. Skjerebodet hadde fingrar som heldt aksa i ro medan ein lang kvass kniv gjekk att og fram og skar dei av. I motsetning til seinare maskinar var kvinen heilt slett. Maskina hadde to hjul, utstyrte med knastar, som ymsevis tok tak i det som på skissa ser ut som ei eller anna form for strengar, og slik dreiv den lange kniven att og fram.

Maskina til Patrick Bell[endre | endre wikiteksten]

Teikning av maskina til Patrick Bell, bygd i 1851.

Patrick Bell var son til ein gardbrukar i Forfarshire i Skottland. Han studerte til prest, men var mykje oppteken av mekanikk og grubla på korleis han kunne laga ei maskin for å slå korn. I 1827 laga han, med hjelp frå bror sin, ein modell av ei maskin og i 1828 bygde han ei maskin i full skala[1]. For at åkeren ikkje skulle verta trampa ned, vart maskina skuva framom hestane. Skjereorganet på denne maskina var av sakstypen, med 13 faste og 12 bevegelege blad og skårbreidd var berre 0,54 m.[4]. Dei 12 bevegelege blada var festa på ei stong, som vart driven av ein krumtapp[4], som i sin tur vart driven frå eit av hjula som rulla på marka og bar maskina. Maskina hadde ein haspel som la dei avkutta aksa inn mot ein roterande trommel som førte aksa ut til sida og la dei på åkeren, slik at hestane ikkje tråkka på dei. Sjølv om aksa ikkje vart samla i buntar vart dei lagde ned på marka og det var ikkje bruk for nokon til å raka av kornet, som på mange andre tidlege maskinar. Maskina til Bell gjorde nyttig arbeid og avverka rundt 4 hektar om dagen[1]. I 1932 hadde han laga 10 maskiner[1], som var i bruk i Skottland. Maskinene hans vart òg testa i England og nokre vart eksporterte til det europeiske kontinentet, Australia og Nord-Amerika[1]. Då Bell var ferdig med utdanninga si vart han prest og sjølv om han interesserte seg for mekanikk heile livet sette han ikkje i gong serieproduksjon av maskina han hadde konstruert. Han tok heller ikkje ut patent på ho.

McCormick[endre | endre wikiteksten]

Frå ein demonstrasjon av makina til Cyrus McCormick. Køyrekaren sit på hesteryggen, medan rakstekaren går attmed maskina.
Skisse frå eit patent teke ut av Cyrus Hall McCormick i 1845.

Cyrus Hall McCormick, son til Robert McCormick, held fram med å eksperimentera med ei maskin som kunne slå kornåkrar, som far hans hadde slutta med i 1831. Dei fyrste maskinane til McCormick hadde primitive fingrar som skilde og held fast aksa og eit slett knivblad som skar dei av. Men i 1831 vart knivbladet utstyrt med tindar, ikkje så ulik tindane på eit sagblad. Maskina vart kontinuerleg forbetra, og ein teikning[1] syner at i 1841 hadde fingrane som skilde og held fast aksa vorte mykje større.

Etter som McCormick forbetra maskina tok han til å levera til kundar. I 1843 selde han 29 og året etter 50 maskinar. I 1844 reiste McCormick til Midtvesten for å sjå på jordbruket på prærien. Han skjøna då at på desse enorme viddene kunne det dyrkast mykje korn. Etter som jarnvegane vart bygde ut kunne òg kornet transporterast til dei ulike marknadane på ein økonomisk måte. Han såg òg at for å utnytta prærien ville det vera naudsynt å nytta maskinell innhausting. Han allierte seg med fleire meir eller mindre lokale føretak som produserte maskinar for han, til han fekk tid til å bygga sin eigen fabrikk. Fabrikken vart lagt til Chicago og stod ferdig i 1847. I 1849 fekk maskinane sete for køyrekaren, som tidlegare hadde sete på hesteryggen.

Hussey[endre | endre wikiteksten]

Maskina til Hussey, frå 1830.

Obed Hussey bygde ei maskin, som han testa i Ohio i 1833[1]. Han fekk maskinane produsert i New York og selde den fyrste maskina i 1835. I 1838 flytta han til Baltimore. Maskinane hans hadde eit drivhjul, dei var store og tunge og det trongst fire hestar for å dra dei. Kornet vart liggande rett attom maskina og måtte bindast før ein kunne ta neste skår. Ein var difor avhengig av å ha nok bindarar for å utnytta maskina optimalt. Hussey og McCormick vart arge konkurrentar, som rakka ned på maskina til konkurrenten og til og med skjelte ut kvarandre i pressa. Knivbjelken til Hussey var meir lik moderne knivstenger og betre enn McCormic si, som var nokså primitiv. Hussey hadde difor ein føremon på det området så lenge patenta han var gyldige. Det var ikkje haspel på maskinane til Hussey, for han trudde det var McCormick som hadde funne opp haspelen. Det stemte ikkje, for Bell hadde nytta haspen heilt frå 1928. At det ikkje var haspen førte kunne vera problematisk når åkeren ikkje var heilt tørr.

Maskinell hausting tek av[endre | endre wikiteksten]

Fram mot 1850 vart det gjennomført fleire praktiske demonstrasjonar i Nord-Amerika og kornprodusentane tok til å få augo opp for føremonane med maskinell innhausting. Både McCormick og Hussey stilte ut maskinane sine på Verdsutstillinga i London i 1951. I tilknyting til utstillinga vart det arrangert praktiske demonstrasjonar av maskinane. I fuktig åker synte det seg at maskina til McCormick fungerte best og han fekk ein gullmedalje. Dette førte til at britiske korndyrkarar fekk augo opp for maskinell innhausting. Men det var spesielt i Nord-Amerika at salet auka kraftig etter 1851 og fram mot den amerikanske borgarkrigen[1]. Ein kan seia at siste halvdelen av 1800-talet innleidde mekaniseringa av innhaustinga.

Forbetringar av knivbjelken[endre | endre wikiteksten]

Hestedregen sjølvavleggar (D.S. Morgan & Co.) frå 1876. Her ser ein dei fingrane, med fingerståla, som dei trianguere knivane ligg an mot.

Etter kvart vart knivbjelkane forbetra. Hussey nytta trekanta knivar som låg an mot plane flater (fingerstål) i fingrane som skilde og heldt fast aksa. Knivane var kvesste på begge sider og kutta aks i begge retningar når knivstonga gjekk att og fram[6][7]. I motsetnad til andre maskinar kunne knivbjelken til Hussey òg nyttast for å slå gras. Andre produsentar gjekk gradvis bort frå saksliknane skjereapparat og tok til å nytta knivstenger av Hussey-typen då patenta hans gjekk ut. I Michigan utvikla Hiram More ein knivbjelke med liknande knivar i 1841, då han eksperimenterte med å laga ein skurtreskjar. Alt tyder på at dei utvikla svært like knivstenger utan å vita om kvarandre. I 1962 fekk S. Hull patent på ei forbetring av knivbjelken til Hussey[8].

Det var ofte eit problem at ugras ikkje vart klipt av og knivbjelken pakka seg til. Det var spesielt når åkeren var våt at dette var eit problem. Det kan sjå ut som at knivbjelkane til Hussey var noko meir utsette enn McCormick-maskinane for at knivane køyrde seg fast. Dette problemet var langt på veg løyst tidleg på 1840-talet då George Rugg i Ottawa i Illinois oppdaga at knivbjelken helt seg rein om knivane var rifla[1] og etter kvart vart rifla knivar tekne i bruk av fleire.

Automatisk avlegging[endre | endre wikiteksten]

Manuell avlegging.

Maskinene produserte fram til ca. 1850 samla ikkje automatisk aksa i buntar, så den jobben laut gjerast av rakekaren, som fyrst gjekk ved sida av maskina og seinare sat på eit sete, Dette var tungt arbeid og det kosta pengar å betale ein mann for dette. Maskiner produserte fram til rundt 1953 var i røynda kornslåmaskiner, men med ulike former for manuell avlegging. Automatisk avlegging førte til at det held med ein person til å handsame maskinene, noko som gav seg utslag i reduserte kostnadar.

Rundt 1850 var det fleire som tok til å eksperimentera med ulike måtar å automatisera denne arbeidsoperasjonen på. Fleire føretak tok til å produsera slikt utstyr for ettermontering[1]. Ein av desse konstruktørane var Jearum Atkins, som konstruerte ei arm som raka aksa saman til høvelege buntar og la dei av på marka. Ho var tilpassa Hussey-maskinane og selde godt då ho vart marknadsført i 1852[1]. Atkins fekk John Stephen Wright, som òg var redaktør av tidsskriftet «The Prairie Farmer», til å produsera avleggaren. Wright satsa på å produsera 4000 einingar i året, men gjekk konkurs under eit finanskrise i 1857. Ei skisse i Iron harvesters of the field[9] syner at i 1962 hadde McCormick utstyrt maskinane sine med automatisk rive som la loa ned på marka, med denne var enda ikkje av kvadranttypen.

I 1851 fekk Hulburt patent på ei maskin med eit segldukbelte som førte aksa over drivhjulet og ned i ei korg. Når det hadde samla seg opp ei høveleg mengd med aks i korga vart ho tømt ned på marka.

Kvadrantavleggarar[endre | endre wikiteksten]

Hestdregen sjølvavleggar (Adriance) med kvadrantavleggar.

I 1849 fekk Nelson Platt patent på ein metode som gjekk ut på at ei arm førte aksa i ein kvart sirkel (), slik at dei vart lang av på sida av maskina. Platt hadde plassert kvartsirkelen i bakkant av maskina, så det var framleis naudsynt med ein haspel for å legga aksa inn over maskina.

Aron Palmer og S.G. Williams forbetra denne metoden ved at dei plasserte rakearma rett attom knivbjelken. Mange forbetringar vart etter kvart innførte. Owen Dorsey, til dømes, fekk i 1856 patent på ein mekanisme der tre-fire vengjer var monterte på ein vertikal aksling. Når akslingen roterte vart vengane senka ned ein i gongen, slik at han tok med seg ein høveleg bunke med aks, som så vart førte i ein kvartsirkel attover og ut til sida og langt ned på marka. Vengjene tente òg til å leggja kornaksa attover, så var ikkje lengre naudsynt med ein separat haspel.

Palmer og Williams selde så patenta sine til Seymour and Morgan, som held til i New York. Dei tok opp produksjonen av ei maskin av kvadranttypen, med roterande venger. Maskina vart kalla «New Yorker» og kom på marknaden i 1854. Mange andre til å produsera sjølvavleggarar av denne typen sjølvavleggarar, på lisens frå Seymour and Morgan.

Desse «kvadrantavleggarane» med vengjer var svært effektive og vart produserte i store kvanta. Dei vart den dominerande avleggartypen heilt til sjølvavleggarane vart avløyste av sjølvbindarane. Det var fyrst etter at avlegginga vart automatisert at ein kunne tala om «sjølvavleggarar». Maskiner produserte før ca. 1853 var ikkje sjølvavleggande, men var viktige steg på vegen til å utvikla dei automatiske sjølvavleggarane.

Mange nye produsentar[endre | endre wikiteksten]

Det var i fyrste rekkje i Nord-Amerika at sjølvavleggarane viste seg nyttige, og det var der storparten av utviklinga gjekk føre seg. Det var òg ein viss produksjon i Europa, ofte på lisens, men i langt mindre skala enn i Nord-Amerika. Hovudgrunnen til dette hong saman med at åkrane i Europa var mykje mindre enn på prærien i Midtvesten. Ein annan faktor var at det var mangel på arbeidsfolk i Nord-Amerika, noko som dreiv opp lønskostnadane. I Europa, derimot, var det ingen manko på billig arbeidskraft.

Mange av dei store produsentane var treige med å koma i gang med automatisk sjølvavlegging, mykje på grunn av at andre hadde patentert dei beste løysingane, men kanskje òg litt på grunn av konservatisme. At det var McCormick som fann opp sjølvavleggaren er ei seigliva myte. Føretaket var rett nok, saman med Hussey, ein av dei dominerande produsentane av maskinar med manuell avlegging i den fyrste perioden. Men føretaket kom på etterskot med å utvikla automatisk avlegging og i 1860 hadde dei berre 10 % av marknaden i Nord-Amerika[1]. For å henga med vart føretaket tvinga til å gå over til maskiner av kvadranttypen, som dei produsera på lisens frå Seymour and Morgan. I tiåret mellom 1862 og 1872 laut dei betala $ 60.000 for dette.

Etter 1850 dukka det opp mange nye produsentar, og i 1864 var det 203 produsentar av sjølvavleggarar i Nord-Ameria, og den samla årsproduksjonen var på 97 000 maskiner[1].

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 1,22 1,23 G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  2. C. Canine, Dream reaper, The Univeristy of Chicago Press, 1997.
  3. 3,0 3,1 N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.
  4. 4,0 4,1 4,2 H. Petersen, Selvbinderen, Teknologisk instituts forlag, 1929.
  5. Ogle's reaping machine, Mechanic's Magazine, 12. nov. 1825.
  6. O. Hussey, Reaping and mowing machine, US Patent nr 5,227, 7. aug. 1847.
  7. O. Hussey, Improvements in reaping-machine, USRE449, tillegg til US Patent nr 5,277, 14. april 1857.
  8. S. Hull, Harvester cutter, US Patent nr 37,+73, 2. des. 1862.
  9. P. Dewey, Iron harvesters of the field, Carnegia Publishing, 2007.