Rolf Dreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Dreng
Fødd 14. november 1916
Død

9. desember 1941 (25 år)

Rolf Dreng (fødd 14. november 1916 i Tjølling, død 9. desember 1941 i Sullom VoeShetland)[1] var ein norsk kvalfangar og soldat i Kompani Linge.

Dreng mista livet i ei ulukke ombord på det britiske marinefartøyet HMS Prince Charles. Fem britiske marinefartøy, HMS Ingelfield, HMS Offa, HMS Icarus, HMS Intrepid og troppetransportskipet HMS Prince Charles, låg den 9. desember 1941 klar i Sullom Voe med ca. 280 soldatar frå 6th Commando og Kompani Linge ombord for å gjennomføre commandoaksjonen Operasjon Kitbag mot Florø i Sogn og Fjordane. Under armering av handgranatar under dekk på Prince Charles gjekk ein skarp granat av og drap tre[2] soldatar på åstaden, mellom dei Rolf Dreng og Karl O. Braathen frå Kompani Linge. Dreng ligg gravlagd på Lerwick Cemetery i Lerwick på Shetland.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [Utskrift frå den militære undersøkjingskommisjonen sitt rettsmøte ombord på HMS Prince Charles 10. desember 1941]
  2. [Utskrift frå den militære undersøkjingskommisjonen sitt rettsmøte ombord på HMS Prince Charles 10. desember 1941]
  3. Shetlopedia.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]