Operasjon Kitbag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Operasjon Kitbag er namnet på ein kombinert militæroperasjon mot Florø i Sogn og Fjordane under andre verdskrigen. Den skulle gjennomførast den 12. desember 1941, men vart stansa kort tid før åtaket skulle starte. Ein redusert Operasjon Kitbag vart gjennomført natta mellom den 6. og 7. januar 1942.

I utgangspunktet skulle Operasjon Kitbag ha to mål. I Florø skulle skip og installasjonar på land øydeleggast, og i Svelgen skulle jernverket og kraftverket sprengast. I løpet av planlegginga vart åtaket på Svelgen lagt vekk. Det vart vurdert slik at særleg sprenginga av kraftverket ville føre til meir ulempe for det norske sivilsamfunnet enn for okkupantane.

Styrken som gjekk frå Shetland tidleg i desember 1941, hadde derfor berre Florø som mål, og bestod av destroyerane HMS Inglefield, HMS Intrepid, HMS Icarus og HMS Offa. I tillegg var HMS Prince Charles nytta som troppetransportskip. Ombord på Prince Charles og Inglefield var der commandosoldatar frå 6. Commando. Landgangsstyrken talde ca 290 soldatar og offiserar. Mellom desse var der 24 nordmenn. Desse stod under leiing av kaptein Martin Linge og skulle ikkje først og fremst ta del i strid, men vere kjentfolk i den indre farleia og språkkyndige på land.

Overfarten frå Shetland til Florø-området var hard med vind og tung sjø. Femten nautiske mil rett vest av Kvanhovden fyr låg ubåten HM Submarine P 37. Denne gav posisjonsinformasjon til den innseglande åtaksstyrken. Fartøya fekk landkjenning kl. 0050 den 12. desember, men den nøyaktige posisjonen var uviss. Sjefane om bord var derfor usikre på om dei hadde komme inn til kysten på rett stad. Då navigatørane ikkje greidde å stadfeste posisjonen tilfredsstillande sikkert, og det vart gjort observasjonar som kunne tyde på farvatnet var ureint og grunt, tok flåtesjefen avgjerd om å gjere vendereis. Fartøya var tilbake i Scapa Flow eitt døgn seinare.

Heile styrken kom seg velberga heim, men operasjonen hadde kosta liv og helse allereie før den kom i gang. Under armering av handgranatar om bord på HMS Prince Charles den 9. desember vart tre soldatar drepne, tre kritisk såra og 17 skadde og lettare skadde då ein granat eksploderte. To av dei som mista livet var norske soldatar, korporalane Rolf Dreng og Karl Otto Bråthen.

Ein redusert Operasjon Kitbag vart så gjennomført mot Florø natt til 7. januar 1942. Målet med operasjonen var som tidlegare primært å senke skipstonnasje. Åtaksstyrken venta at der skulle vere fartøy i konvoi oppankra i området ved Botnaneset.

Dei to destroyerane HMS Intrepid og HMS Inglefield la ut frå Scapa Flow kl. 0300 den 6. januar 1942 og fekk kontakt med ein ubåt som var posisjonert vest av Kvanhovden, kl. 1925 same dagen. Det var enkel seglas inn mot Florø sidan alle fyrlykter i den indre farleia var tende. For vidare å sikre trygg navigering innanskjers hadde styrken med to norske losar, Harald Madsen og L. Kinn.

Rundt midnatt mellom 6. og 7. januar gjekk styrken til åtak med kanoneld på fartøy ved kai og bygningar i hamneområdet. I tillegg vart det senka eit fartøy utanfor Florø. Frå tysk side møtte ikkje Intrepid og Inglefield anna motstand enn lett maskingeværeld. Sidan der ikkje var andre mål å finne i området, returnerte begge fartøya. Dei var framme i Scapa Flow kl. 1800 den 7. januar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [Operation Kitbag, Planning and Operational Orders]
  • [Operation Kitbag, Report of Proceedings]
  • [Operation Kitbag, Intelligence Reports.]
  • [Operation Kitbag, Board of Inquiry, Explosion on HMS Prince Charles]