Rolf Wickstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Wickstrøm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. desember 1912
Christiania
Død

10. september 1941 (28 år)
Oslo

Yrke fagforeiningsleiar
Nekrolog over Rolf Wickstrøm

Rolf Wickstrøm (fødd 9. desember 1912 i Oslo, død 10. september 1941) var ein norsk fagforeiningsmann som vart avretta under andre verdskrigen.

Frå januar 1940 var Wickstrøm hovudtillitsvalt ved Skabo Jernbanefabrikk i Oslo. Han vart dømt og avretta 10. september 1941 under unntakstilstanden som følgde mjølkestreiken, noko historikar Harald Berntsen har omtalt som eit døme på terrorisme. Samstundes vart Viggo Hansteen avretta og lika dumpa. Dei vart ikkje funne før etter krigen, og flytta til Vår Frelsers gravlund i Oslo. På rettarstaden, Austre skytterlags bane på Årvoll i Oslo, vart det i 1948 reist ein minnebauta i granitt med bronserelieff. Bautaen er utført av Nic. Schiøll. Han har følgjande inskripsjon: «Viggo Hansteen, Rolf Wickstrøm. De første ofre i Norges frihetskamp 1940–45. Skutt av tyskerne 10. september 1941.»

Han etterlét seg kona Signe (1913-1996) og sonen Tore (f. 1938), som etter krigen vart sett bort til slektningar.

Rolf Wickstrøm er òg minna ved at ein parsell av Ring 3, Store ringvegen rundt Oslo, frå Sognsveien til Grefsenveien heiter Rolf Wickstrøms vei.