Viggo Hansteen
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Viggo Hansteen | |
![]() | |
Fødd | 13. september 1900 Christiania |
Død |
10. september 1941 (40 år) |
Yrke | advokat, politikar, fagforeiningsleiar |
Harald Viggo Hansteen (fødd 13. september 1900 i Kristiania, avretta 10. september 1941 i Oslo) var ein norsk jurist og politikar.
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]
Som student var han med i etableringa av Mot Dag. Då samarbeidde mellom Mot Dag og Norges Kommunistiske Parti opphøyrde i 1929 vart han verande i NKP. Han vart høgsterettsadvokat i 1933 og juridisk konsulent for LO frå 1936.
Okkupasjonstida[endre | endre wikiteksten]
Etter den tyske okkupasjonen vart LO's lovleg valde leiar Konrad Nordahl avsett og Jens Tangen innsett som ny leier. Hansteen medverka sterkt til å hindra forsøket av nasjonal Samling på å vinna kontroll over LO.
I september 1941 braut det ut ein spontan streik bland arbeidarar i Oslo, kjend som melkestreiken. Streiken vart utløyst ved at matforsyningane under den tyske okkupasjonen vart stadig dårlegare, og då mjølk til arbeidsplassane uteble måndag 8. september 1941 gjekk arbeidarane ved fleire føretak spontant heim.[1]
Dagen etter, 9. september, streika om lag 25 000 arbeidarar i Oslo.[2][3] Om lag ein månad før streika hadde den tyske administratoren i Noreg, rikskommissær Josef Terboven kunngjort at streik ville føra til unntakstilstand og standrett.
Då streiken var eit faktum slo dei tyske okkupasjonsstyresmaktene raskt til. Josef Terboven hald sit ord, og erklærte unntakstilstand i Oslo og Aker. Dei arresterte Hansteen og klubbformann Rolf Wickstrøm.
Hansteen vart saman med Wickstrøm avretta den 10. september 1941 under unntakstilstanden som følgde mjølkestreiken.
På rettarstaden, Oslo Austre skytterlags bane på Årvoll i Oslo, vart det i 1948 reist ein minnebauta i granitt med bronserelieff. Bautaen er utført av Nic Schiøll. Den har følgjande inskripsjon: «Viggo Hansteen, Rolf Wickstrøm. De første offerni Norges frihetskamp 1940–45. Skutt av tyskerne 10. september 1941». Viggo Hansteen er òg mint ved at ein parsell av Ring 3, Store ringvei rundt Oslo, frå Smestadkrysset til Slemdalsveien ber hans namn.
Hansteens enke Kirsten Hansteen vart i Einar Gerhardsens samlingsregjering i 1945 Noregs første kvinnelege statsråd.
Hansteen og Rolf Wickstrøm er gravlagt på Vår Frelsers gravlund. Hans oldefar var Christopher Hansteen, hans onkel var Kristofer Hansteen, grandtanten var Aasta Hansteen, og sjølv var han svoger til Karl Evang.[4]
Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm har òg fått to parallelle gater i Lillestrøm oppkalla etter seg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Viggo Hansteen» frå Wikipedia på bokmål, den 7. oktober 2018.
- ↑ Mjølkestreiken i Noreg
- ↑ Pryser, Tore (1995). «melkestreiken». I Dahl, Hjeltnes, Nøkleby, Ringdal, Sørensen. Norsk krigsleksikon 1940-45. Oslo: Cappelen. s. 267. ISBN 82-02-14138-9.
- ↑ Voksø, Per, red. (1984). «Unntakstilstand i Oslo». Krigens Dagbok. Oslo: Det Beste. s. 165. ISBN 82-7010-166-4.
- ↑
- «Viggo_Hansteen» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Litteratur
- Harald Berntsen, To liv - en skjebne : Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm, Aschehoug, Oslo, 1995 ISBN 82-03-26002-0 (Ebok frå bokhylla.no)
- «Viggo Hansteen», frå Norsk biografisk leksikon
- Avrettingane av Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm, artikkel hos Norgeshistorie.no
- Politiske talar av Viggo Hansteen, virksommeord.uib.no
- Nordahl Griegs minnedikt «Viggo Hansteen», publisert i samlinga Fridomen (1944), Bergen Offentlege Bibliotek
- «Bekransning av Viggo Hansteens og Rolf Wickstrøms gravstad», statsminister Gro Harlem Brundtlands tale ved bekransning av Viggo Hansteens og Rolf Wickstrøms gravstad på Vår Frelsers gravlund i Oslo, 17. mai 1995
- Nettstader
- Bilete av Viggo Hansteen, Oslo Museum