Roll the Bones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roll the Bones
Studioalbum av Rush
Utgjeve 3. september 1991
Innspelt februar - mai 1991 at Le Studio, Morin Heights, Quebec & McClear Place, Toronto
Sjanger hardrock
Lengd 48:04
Selskap Anthem (Canada)
Atlantic
Produsent Rupert Hine og Rush
Kritikk
Rush-kronologi
Presto
(1989)
Roll the Bones Counterparts
(1993)


Roll the Bones er det 14. albumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Albumet vart utgjeve i 1991 på Atlantic Records. Albumet vann ein «Juno Award» i 1992 for beste plateomslag.

Roll the Bones fortset å markere overgangen frå 80-tals Rush til 90-tals Rush. Gitaren blir ein viktigare del av musikken, medan keyboard og orgel er meir bakgrunnsmusikk. «Dreamline» opnar med eit gitarriff som høyrest ganske likt ut som keyboard-arrangementet frå Power Windows-perioden. «Dreamline» og «Roll the Bones» vart populære radiosongar på det tidlege 1990-talet, og «Where's My Thing?» var den tredje instrumentale låten til Rush. Musikkstilen på Roll the Bones opna for den meir «alternative» stilen på 1993-albumet Counterparts.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Neil Peart; all_musikk er komponert av Alex Lifeson og Geddy Lee.

Nr.TittelLengd
1.«Dreamline»4:38
2.«Bravado»4:35
3.«Roll the Bones»5:30
4.«Face Up»3:54
5.«Where's My Thing? (Part IV, Gangster of Boats Trilogy)»3:49
6.«The Big Wheel»5:13
7.«Heresy»5:26
8.«Ghost of a Chance»5:19
9.«Neurotica»4:40
10.«You Bet Your Life»5:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon Sal
USA RIAA Platina (1 000 000)
Canada RIAA Platina (100 000)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1991 Billboard 200 3


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rivadavia, Eduardo. Roll the Bones - RushAllmusic. Henta 30 mai 2012.
  2. Eddy, Chuck (20 september 1991). «Roll the Bones Review». Music Reviews and News. EW. Henta 13. september 2012.