Rush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rush
Rush-in-concert.jpg
Alex Lifeson, Geddy Lee og Neil Peart i Rush
30th Anniversary Tour photo, 2004
Sjanger hardrock, progressiv rock, heavy metal
Aktive år 1968 til i dag
Plateselskap Moon, Mercury, Anthem, Atlantic, Roadrunner
Nettstad www.rush.com
Medlemmer
Alex Lifeson
Geddy Lee
Neil Peart
Tidlegare medlemmer
John Rutsey
Jeff Jones

Rush er eit kanadisk rockband danna i august 1968, i Willowdale i Toronto i Ontario. Bandet består av bassist, klaverspelar og vokalist Geddy Lee, gitarist og korvokalist Alex Lifeson og trommeslagar, perkusjonist og tekstforfattar Neil Peart. Bandet og besetninga gjekk gjennom fleire endringar mellom 1968 og 1974, men fekk den noverande forma si i då Peart erstatta den opphavlege trommeslagaren John Rutsey i juli 1974, to veker før den første USA-turneen til bandet. Rutsey forlet bandet hovudsakleg fordi han leid av diabetes.

Sidan debutalbumet til bandet i mars 1974 har Rush vore kjend som særs dugande musikarar, komplekse komposisjonar og eklektiske tekstar med tema som ofte er baserte på science fiction, fantasy og filosofi. Musikkstilen til Rush har endra seg gjennom åra og byrja med bluesinspirert heavy metal på dei første albuma, så hardrock, progressiv rock, og ein periode med kraftig bruk av synthesizerar. Dei har vorte omtalte som ei inspirasjonskjelde for mange andre artistar, som Metallica,[1] Primus,[2] og The Smashing Pumpkins,[2] i tillegg til progressiv metal-band som Dream Theater[1] og Symphony X.[3]

Rush har vunne mange Juno-prisar og vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 1994. I løpet av karrieren sin har kvar av medlemmane i bandet vorte rekna blant dei fremste på kvar sine instrument, og kvar av medlemmane har vorte kåra til dei beste på sine instrument i mange lesarundersøkingar. Som gruppe har Rush fått 24 gullplater og 14 platinaplater i USA.[4] Av rockebandet er det berre The Beatles og The Rolling Stones har fått fleire gull- eller platinaplater på rad.[5] Rush er òg den 79. mest selde artisten i USA med 25 millionar eksemplar.[6] Det er estimert at Rush har seld over 40 millionar album verda over.

Bandet gjorde ferdig sin Time Machine Tour i juli 2011 og gav ut det siste studioalbumet sitt, Clockwork Angels, i juni 2012.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten på Rush (1968–1976)[endre | endre wikiteksten]

Den originale besetninga av Rush beståande av Jeff Jones på bass og som songar, Alex Lifeson som gitarist og John Rutsey på trommar, spelte berre ein konsert saman i Toronto i Canada i august 1968. Jones vart i september 1968 erstatta av Geddy Lee, som var ein god ven av Lifeson vart medlem av gruppa som bassist. Lee fekk sparken i mai 1969 men vart oppringt av Lifeson i juli med spurnader om han ville kome tilbake til bandet, noko han takka ja til. Mellom 1969 og våren 1971 var fleire musikarar innom bandet, men frå mai 1971 bestod bandet av den første offisielle besetninga si; Lee, Lifeson og Rutsey, med Ray Danniels som manager.

Geddy Lee
Foto: Enrico Frangi

Etter å ha fått eit ordentleg oppsett gjorde banda seg klåre for å utgje den første singelen sin, denne kom i 1973 og heitte Not Fade Away. Han inneheldt ein Rush-song og ein Buddy Holly-coverlåt. I 1974 valde Rush å utgje den første plata si, denne fekk namnet Rush. Plata vart opphavleg utgjeve på eit plateselskap bandet laga sjølv i samarbeid med Ray Daniels og Terry Brown, som heitte Moon Records. Plata vart seinare utgjeve på nytt i USA på Mercury Records. Plata hadde ein musikkstil med ein klår likskap til den engelske rocke-gruppa Led Zeppelin, men vart ikkje spesielt populær med det første. Plata vart snappa opp av ein radiostasjon i Ohio, som spelte songen «Working Man» ganske ofte.

Rett etter utgjevinga valde Rutsey å trekkje seg grunna diabetes og mangel på lyst til å turnere. Rush heldt prøvespeling, noko som førde til at Neil Peart vart medlem av gruppa. I tillegg til å bli trommeslagaren i bandet vart Peart òg bandet tekstforfattaren til bandet, sidan Lee og Lifeson hadde manglande interesse i å skrive tekster. Fly by Night (1975) var det første albumet til Rush med Peart bak trommesettet. Tekstene på dette albumet endra seg drastisk i tilhøve til debutalbumet. Dette skuldast Peart og at han hadde ei stor interesse for fantasy og science-fiction. Likevel er musikkstilen på det andre albumet til Rush ikkje så veldig ulik stilen på det første.

Kort tid etter utgjevinga av Fly by Night gav Rush ut det tredje albumet sitt, Caress of Steel (1975). Albumet bestod av fem songar, to av dei ekstra lange og delt opp i fleire delar. Sjølv om Caress of Steel eigenleg skulle bli det skikkelege gjennombrotet til bandet selde det mindre enn venta og turneen vart halde på små stader. Etter dette kom 2112 (1976) som dei slo gjennom med for fullt. Plata selde til platinaplate i Canada, men vart ikkje noko særleg populær i USA før etter utgjevinga av Moving Pictures. 2112 vart høgdepunktet i den tidlege perioden til Rush. Tekstene på denne tida (dei aller fleste skrivne av Peart) var inspirert av klassisk dikting, fantasy-litteratur, science-fiction, og i nokre tilfelle av tekstene til filosofen Ayn Render. Sistnemnde inspirasjonen finn vi lettast i «Anthem» frå albumet Fly by Night (1975), og i songen «2112» frå albumet 2112 (1976). Etter gjennombrotet med 2112 utgav bandet eit dobbelt konsertalbum med namnet All the World's a Stage.

Den progressive perioden (1977–1981)[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen med utgjevinga av 2112 følgde Rush opp med A Farewell to Kings (1977) og Hemispheres (1978). På desse to utgjevingane drog bandet i ein meir prog-rock aktig. Varemerket til Rush vart no meir bruk av synthesizerar og lengre songar. For å nå ein breiare, progressiv palett med lydar, byrja Lifeson å eksperimentere med seks- og tolvstrengs klassisk gitar. Geddy Lee la til bass-pedalsynthesizerar, og Neil Peart varierte med innhald av triangel, klokkespel, kubjøller og treklossar. Rush heldt seg mest til den same stilen som dei hadde hatt, men byrja med varierte songar; gjerne litt kortare og «mjukare» arrangement.

Alex Lifeson
Foto: Enrico Frangi

Permanent Waves (1980) endra Rush musikkstilen sin i stor grad ved å introdusere reggae og New Wave. I tillegg inneheldt musikken meir og meir synthesizerar. Permanent Waves inneheldt kortare og meir «radiovenlege» songar som «Spirit of Radio» og «Freewill». Begge desse songane kan ein stundom framleis høyre på amerikanske radiostasjonar. I mellomtida endra tekstane til Peart seg frå fantasitekstar, til ein stil med meir innhald av humanitære, sosiale, emosjonelle og metafysiske element. Populariteten til Rush nådde det absolutte høgdepunktet sitt med Moving Pictures (1981). Moving Pictures fortsette der Permanent Waves hadde avslutta, med pop-progressiv rock som fekk dei fram i rampelyset. «Tom Sawyer» frå dette albumet er kanskje den aller mest kjende songen til Rush, sjølv om songen «Limeligth» frå same album òg har fått god respons frå lyttarar og radiostasjonar. Moving Pictures var òg den plata som inneheldt den aller siste «utvida» songen. Denne var den ti og eit halvt minutt lange Camera Eye. Denne songen inneheldt i stor grad synthesizer, noko som viste at stilen til Rush var i ferd med å ta nok ein ny retning.

Etter suksessen med Moving Pictures valde Rush å utgje det andre konsertalbumet sitt, Exit...Stage Left (1981). Albumet understrekar at den progressive perioden hadde vore høgdepunktet til Rush og inneheldt mange songar frå Moving Pictures og Permanent Waves.

Synthesizerperioden (1982–1989)[endre | endre wikiteksten]

Geddy Lee sine synthesizerar hadde vore i bruk sidan slutten av 1970-talet, men ikkje i så stor grad som Signals (1982), dette albumet representerte den største forandringa til Rush. Synthesizeren var no i framgrunnen. Tradisjonelle gitarsoloar vart i mindre grad brennpunktet, noko ein kan sjå i «Countdown» og «Subdivisions».

Stilen og produksjonen frå og av Signals vart teke med til nye høgder i Grace Under Pressure (1984). Syntheziseren til Geddy Lee vart hjørnesteinen til bandet, og Lee sitt fokus på ny teknologi vart etterfølgd av Neil Peart som satsa meir og meir på elektriske trommar og slagverk. Alex Lifeson sine bidrag til albumet vart i form av mange av dei vanlege varemerka hans; reggae, funk og New Wave-rytmar, som til dømes på «Red Lenses», «Red Sector A» og «The Enemy Within».

Power Windows (1985) vart følgd opp av Hold Your Fire (1987), begge desse albuma vart produsert av Peter Collins. I 1989 valde Rush å skifte plateselskap frå Mercury til Atlantic.

I 1989, utgav Rush eit tredje konsertalbum, A Show of Hands. Denne vart utgjeve på Mercury og viste fram Power Windows og Hold Your Fire-turneane. Dette konsertalbumet vart teke godt imot av fansen.

Tilbake til der det starta (1989–1997)[endre | endre wikiteksten]

Rush byrja å avvike frå 80-talsstilen sin med albuma Presto og Roll the Bones. Desse platene vart produsert i samarbeid med Rupert Hine, og viste klårt at Rush byrja å kaste frå seg den syntheziserdominerande stilen. På 1989-albumet Presto kunne ein høyre at bandet spelte musikk som sentrerte seg meir kring gitaren enn dei to førre albuma. Sjølv om synthesizerar enno var i bruk i mange songar, var instrumentet ikkje lenger den viktigaste byggesteinen i musikken. Denne treden fortsette på Roll the Bones med mindre fokus på synthesizerar. Musikalsk varierte ikkje desse albuma i stor grad frå vanleg poprock. Til dømes vert det på «Roll the Bones» eksperimentert mykje med funk og hip hop, medan på den instrumentale songen «Where’s My Thing?» (den første instrumentale låten til bandet på lenge) finn vi element av jazz. Dei komande albuma ville få ein meir alminneleg rockestil.

Overgangen frå synthesizerar til ein meir gitarorientert og organisk musikkstil fortsette med Counterparts (1993) og Test for Echo (1996). Musikalsk er desse to albuma dei mest gitarorienterte albuma til Rush. Musikken til Lee og Lifeson heldt seg til same stil, medan Peart endra stil. Peart vart opplært i jazz og swing av jazztrommis Freddie Gruber i perioden mellom Counterparts og Test for Echo. Turneen for Test for Echo vart ein stor suksess, særleg i Nord-Amerika. Turneen vart delt opp i to delar: oktober til desember (1996) og mai til juli (1997).

Pause og comeback (1997–)[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte ferdig med Test for Echo turneen i 1997 tok bandet ein fem år lang pause, hovudsakleg på grunn av personlege tragediar i livet til Peart. I august 1997 døydde dottera hans, Selena, i ei bilulukke. Juni 1998 døydde kona hans av kreft. Peart drog ut på ei ferd på motorsykkelen sin for å lindre smertene alt dette hadde påført han. Denne motorsykkelreisa fann stad i store delar av Nord-Amerika og blir omtalt i bok til Peart: Ghost Rider: Travels on the Healing Road. Rush fortalde seinare at dei var nære ved å avslutte banda for alltid i denne tunge perioden for Peart. Medan Peart var borte gav Rush ut sitt fjerde konsertalbum: Different Stages.

Neil Peart
Foto: Enrico Frangi

Etter å ha brukt tid på å sørge og setje tinga på plass i livet sitt, gifta Peart seg med fotograf Carrie Nuttall i september 2000. Tidleg i 2001 erklærde Peart for Lee og Lifeson at han var klår for å spele igjen. Bandet «vende tilbake» i mai 2002 med Vapor Trails. For å markere tilbakekomsten til bandet vart singelen og førstesporet på albumet, «One Little Victory», designa slik at han skulle få merksemda til lyttarane med hurtig gitar og effektive trommar. Songane på albumet bestod mest i tungrock, men einskilde songar av progressivt kaliber. Vapor Trails vart det første albumet til ikkje å innehalde ein einaste synthesizer, orgel eller keyboard sidan tidleg på 1970-talet. Sjølv om albumet for det meste er gitarbasert inneheld det ikkje i nokon særleg stor grad alminnelege gitarsoloar, dette var ei avgjerd Lifeson gjorde under produksjonen av albumet. Det tok bandet 14 månader å lage albumet, noko som er den lengste tida bandet har brukt på eit album. Ein trippel-CD og dobbel-DVD vart utgjeve i oktober 2003, dette var Rush in Rio, ein heil konsert frå den siste konserten til bandet på Vapor Trails-turneen.

For å feire 30-årsjubileet til Rush vart det i juni 2004 spelt inn ein studio-EP, Feedback med åtte songar av band Rush hadde hatt som inspirasjon. Same år tok Rush ein turné for å markere 30-årsjubileet. Konserten i Frankfurt 24. september 2004 vart filma og utgjeve på DVD. DVD-en vart kalla R30: 30th Anniversary World Tour.

Eit nytt DVD-sett vart utgjeve 13. juni 2006 og bestod av tre originale konsertar. DVD-en heitte Rush Replay X3, denne inneheldt Exit…Stage Left, Grace Under Pressure og A Show of Handsar. Han inneheldt òg «soundtracket» til Grace Under Pressure-konserten.

I 2007 gav dei ut albumet Snakes & Arrows. Turneen etter albumet starta 13. juni i Atlanta og som vart avslutta 29. oktober i Helsingfors. Dei gjesta òg Oslo med konsert i Oslo Spektrum 26. oktober. Dette var den første konserten deira i Noreg sidan 1979. Konsertane i Rotterdam på denne turneen vart filma med tanke på ein ny DVD-utgjeving og i april 2008 kom Snakes & Arrows Live. I 2008 framførte dei Tom Sawyer på The Colbert Report.[8]

I 2009 byrja bandet arbeidet med eit nytt album, i lag med den amerikanske produsenten Nick Raskulinecz. Bandet la ut på ein ny turné i 2010 og 2011, Time Machine-turneen, og innspelingar frå denne turneen kom ut som Time Machine 2011: Live in Cleveland, som kom på DVD og CD. Det nye albumet kom ikkje ut før i juni 2012, kalla Clockwork Angels.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rush's 30th Anniversary Tour. Austin Chronicle Music. Henta 12. september 2012.
  2. 2,0 2,1 Rush profile, CNN, Arkivert frå den opphavlege versjonen den December 19, 2008, http://web.archive.org/web/20081219071835/http://www.cnn.com/interactive/entertainment/0205/rush.thru.decades/content.3.html, henta 12. september 2012 
  3. FAQ. Symphony X Official website. Henta 12. september 2012.
  4. «Joel Whitburn's Top Pop Albums 1955ֱ996 and subsequent RIAA certifications». Neosoul.com. http://www.neosoul.com/riaa/faq.html. Henta 12. september 2012. 
  5. «Rush Time Machine North American Tour 2010 Featuring for the First Time Ever Moving Pictures in its Entirety». prnewswire.com. http://www.prnewswire.com/news-releases/rush-time-machine-north-american-tour-2010-featuring-for-the-first-time-ever-moving-pictures-in-its-entirety-90202157.html. Henta 2 mai 2012. 
  6. «RIAA Website». Riaa.com. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?table=tblTopArt. Henta 12. september 2012. 
  7. Greenwald, David. «Rush's 'Clockwork Angels' Hits juni 12». Billboard. http://www.billboard.com/news/rush-s-clockwork-angels-hits-june-12-1006721952.story#/news/rush-s-clockwork-angels-hits-june-12-1006721952.story. Henta 12. september 2012. 
  8. «Rush to Perform for the First Time on U.S. Television in Over 30 Years on 'The Colbert Report'». PR Newswire. Arkivert frå originalen den August 1, 2008. http://web.archive.org/web/20080801145523/http://sev.prnewswire.com/music/20080715/NYTU13315072008-1.html. Henta July 15, 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Rush