Geddy Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geddy Lee

Lee spelar på sin signatur Fender Jazz Bass under Snakes & Arrows-turneen til Rush
Fødd29. juli 1953 (70 år)
FødestadToronto
FødenamnGary Lee Weinrib
OpphavCanada
Aktiv1968 til i dag
Sjangerhardrock, progressiv rock, heavy metal
InstrumentBass, vokal, tangentinstrument, gitar, synthesizers
Kjende instrumentGeddy Lee Signature model Jazz Bass
Rickenbacker 4001
Fender Precision Bass
Stemmetypetenor, kontratenor
Tilknytte artistarRush, Big Dirty Band
PlateselskapMercury, Anthem, Atlantic
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
Prisaroffiser av Order of Canada

Gary Lee Weinrib (fødd 29. juli 1953)[1] betre kjend som Geddy Lee, er ein kanadisk musikar, mest kjend som solovokalist, bassist og klaverspelar for den kanadiske rockegruppa Rush. Lee vart medlem av Rush i september 1968, etter å ha vorte invitert inn av barndomsvenen Alex Lifeson. Han erstatta då bassist og frontmann Jeff Jones.[2]

Lee er ein prisvinnande musikarar og stilen, teknikken og dugleiken hans på bassgitar har inspirert mange rockemusikarar som Cliff Burton frå Metallica,[3] Steve Harris frå Iron Maiden,[4] John Myung frå Dream Theater,[5] Les Claypool frå Primus,[6] Frank Bello frå Anthrax, Jason Newsted frå Voivod[7], Juan Alderete frå The Mars Volta og Tim Commerford frå Rage Against the Machine.

I tillegg til låtskrivinga, arrangementa og konsertane med Rush, har Lee spelt med mange andre band, som Rocket Science. Det første soloalbumet til Lee, My Favourite Headache, kom ut i 2000.

I lag med bandkollegaene i Rush - gitarist Alex Lifeson og trommeslagar Neil Peart – vart Lee Offiser i Order of Canada i 1996. Trioen vart det første rockehandet som vart æra på denne måten, som ei gruppe.[8] Lee er rangert på 13. plass av Hit Parader på lista deira over dei 100 beste Heavy Metal-vokalistane gjennom tidenen.[9]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Bass «Hall of Fame» – Guitar Player Magazine
  • 6 gongar vinner: «Best Rock Bass» – Guitar Player Magazine
  • 1993 – «Best Rock Bass Player» Bass Player kåra av lesarane
  • 1994 – Juno Hall of Fame
  • 1996 – Offiser av «the Order of Canada», saman med bandkollegaer Alex Lifeson og Neil Peart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg. «Geddy Lee: Biography». allmusic.com. Henta 1 mai 2012. 
  2. Banasiewicz, Bill. «Rush Visions: The Official Biography». Arkivert frå originalen 23. februar 2007. Henta March 10, 2007. 
  3. «CLIFF BURTON R.I.P. - 1986». metallicaworld.co.uk. Henta 12. september 2012. 
  4. «Steve Harris Biography». ironmiaden.webvis.net. Arkivert frå originalen 4. januar 2007. Henta 12. september 2012. 
  5. «Geddy Lee/Rush: Artist's Bio». Fender.com. Arkivert frå originalen 8. juli 2007. Henta 12. september 2012. 
  6. "You Say It's Your Birthday: Les Claypool of Primus" Addicted to Noise
  7. http://ole.francite.com/metallica/jason.htm
  8. "Rush highlights" Arkivert 2010-07-15 ved Wayback Machine., MapleMusic (accessed mai 23, 2007).
  9. oz (December 4, 2006). «Hit Parader's Top 100 Metal Vokalists of All Time». Hearya.com. Henta 12. september 2012. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Geddy Lee
  • Rush - offisiell side