Rollag prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°1′16″N 9°16′41″E

Rollag prestegard
Foto: Mahlum
Stabbur
Foto: Mahlum
Bispestove
Foto: Mahlum

Rollag prestegard ligg nordaust for Rollag stavkyrkje. Det har vore prestegard på staden sidan mellomalderen.

På prestegarden står seks freda bygningar, dei fire førstnemnde eigd av Opplysningsvesenets fond:

  • hovudbygning (med kjerne frå 1633)
  • bispestove (1720)
  • stort stabbur
  • lite stabbur
  • stabbur
  • tidlegare korntørke, ombygd til garasje

Prestebustaden vart rehabilitert i 2013, og i 2016 vart ein ny garasje oppført ved garden.[1]

Prestegarden er rekna for å ha stor verdi som kyrkjeleg kulturminne. Gårdsdrifta er frådelt og seld saman med bygningar på nordsida av det gjenverande prestegardstunet.[2] Søraust for prestegarden er Rollag bygdetun.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysningsvesenets fond: En ny bygning på Ovfs eldste prestegård
  2. Lagt ut for sal i 2014, ifølge Laagendalsposten.
  3. irollag.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Opplysningsvesenets fond
  • Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «78 Rollag prestegard». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 71–72. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]