Romanesco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Romanesco
Fractal Broccoli.jpg
Systematikk
Familie: Krossblomfamilien
Stamme: Brassiceae
Slekt: Brassica
Art: B. oleracea
Varietet: Romanesco Brassica oleracea broccolo

Romanesco er ei kryssing mellom blomkål og brokkoli. Bukettane kan vera spisse eller runde, og har ei særeigen, gjentakande utforming som minner om fraktalar. Planten har ein mild, blomkålaktig smak, og gjer seg godt i matlaging og til pynt. Han kan etast rå, til dømes i salatar, eller oppvarma i ulike middagsretter.

Som namnet tyder på skal romanesco ha kome frå området rundt Roma.

Romanesco kan lett bli misfarga med mørke flekkar om ein ikkje handsamer han forsiktig. Han kan også mista farge under matlaging om ein ikkje forveller han rett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]