Romsonden Juno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av Juno ved Jupiter

Juno er ein soldriven NASA-sonde i bane kring Jupiter. Han vart skoten opp frå Cape Canaveral 5. august 2011 og gjekk inn i bane kring Jupiter 5. juli 2016 norsk tid.[1] Han er den fyrste jupitersonden til å nytta solsellepanel og går i ein særs elliptisk polbane.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Juno ber med seg desse instrumenta og utrøyningane:

  • eit forskingssystem for gravitasjon og radio (Gravity Science)
  • eit radiometer som kan observera på seks ulike mikrobylgjelengder for å sjå inn i atmosfæren og finna ut kva han er sett saman av (MWR)
  • eit vektormagnetometer (MAG)
  • detektorar for plasma og energiske partiklar (JADE og JEDI)
  • ei radio/plasma-bylgjeutrøyning
  • eit ultrafiolett kamera og spektrometer (UVS)
  • eit infraraudt kamera og spektrometer (JIRAM)
  • eit fargekamera kalla JunoCam som vil gje ålmenta det fyrste detaljerte synet av polane til Jupiter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]