Romsonden Schiaparelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Modell av Schiaparelli
Nedslagskrateret til Schiaparelli (øvst), fallskjermen og ryggskjoldet (venstre) og varmeskjoldet (høgre) fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter.


Schiaparelli var ein marssonde frå Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) og ein del av ExoMars-programmet. Han vart skild frå banesonden ExoMars Trace Gas Orbiter (TGO) nær Mars 16. oktober 2016, og styrta ukontrollert inn i marsyta tre dagar seinare.[1][2]

Ei undersøking av den mislukka landinga kom fram til at motstridande informasjon i datamaskina til landaren valda styrten. Landingsprosedyrane enda for tidleg, mellom anna fyrte landingsrakettane av for berre 3 sekund i staden for 30 sekund. Ein del data vart sendt attende under landinga som planlagt, mellom anna frå sensorar på rygg- og varmeskjolda.[2]

Schiaparelli var meint som ei utrøyning av teknologi nytta for å gå inn i atmosfæren til Mars, dala ned gjennom denne atmosfæren og å landa på marsyta. Landaren bar òg med seg vitskaplege instrument.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]